Hopp til innhold

Lite miljøvenneleg oppdrettsnæring på Vestlandet

Oppdrettsnæringa på Vestlandet driv langt mindre miljøvenlig enn resten av landet.

Opprett

Næringa på Vestlandet investerer mindre i ny teknologi og samarbeider ikkje for å hindre sjukdomsspreiing.

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Det syner ei fersk mastergradsoppgåve ved Universitetet i Bergen.

– Større utfordringar her

Næringa på Vestlandet investerer mindre i ny teknologi og samarbeider ikkje for å hindre sjukdomsspreiing.

Oppdrettar i Gulen, Ola Braanaas, vedgår at utfordringane er større på Vestlandet enn elles i landet.

Ola Braanaas

Ola Braanaas

Foto: NRK

– Vestlandet er ein kjempestor region, og det blir litt feil å slå alle under same kam. Dersom ein målar Sogn og Fjordane opp mot Hordaland, så er Sogn og Fjordane mykje mykje betre, seier Braanaas.

– Hordaland er verst

Han fortel at Hordaland er verst.

– Der er anlegga for små og tette. I Hordaland er det for mange aktørar og så er det litt for lite areal til å drive eit godt sjukdomsførebyggjande arbeid.