Hopp til innhold

Får ikkje drive oppdrett på land

Nordfjordselskapet NIRI vil etablere lakseoppdrett på land, men får ikkje løyve frå Fiskeri- og kystdepartementet.

Arve Gravdal

Arve Gravdal i Nordfjordselskapet NIRI fortvilar over at selskapet ikkje får løyve til å etablere lakseoppdrett på land.

Foto: Kamilla Mygland Storaker / NRK

Den tradisjonelle oppdrettsnæringa skapar problem for blant anna villaksen.

Oppdrettsgrûnder Arve Gravdal meiner landbasert oppdrett er løysinga på problema og fortvilar over motstaden frå styresmaktene.

- Vi ønskjer å gjere dei første store utbygginga i Norge. Vi har ikkje gitt opp heilt endå, sjølv om vi har fått nei frå fiskeriministeren i denne tildelingsrunden, forklarar Gravdal.

- Oppdrett på land er meir lønsamt

Nordfjord-selskapet NIRI har utvikla ein ressurssparande teknologi som vil gjere det lønsamt å drive oppdrett på land.

Denne veka har det vore mange saker om korleis lakselusa utryddar livet i dei norske lakseelvene.

Gravdal meiner landbasert oppdrett kan vere ei god løysing på problemet.

- Vil bli kvitt problemet med lakselus

- Med den nye teknologien er vi kvitt problemet med lakselus. Det er ikkje behov for vaksine og problema med rømming av laks er ikkje til stade, seier Gravdal.

Lakselus

Ifølgje Arve Gravdal i NIRI vil problemet med lakselus ikkje vere tilstades med oppdrett på land.

Foto: Tore Wiers / LFI

Han seier ei rekkje problem som finst med tradisjonell lakseoppdrett i merdar i sjø ikkje finst når oppdrett vert flytta på land.

- Sist men ikkje minst, sjølv om folk ikkje trur det, så er det billegare å produsere på land, forklarar Gravdal som er redd selskapet hans ikkje skal klare etablere seg i Norge. Så langt har dei fått nei frå departementet.

Uvisst når det vert ny tildelingsrunde

- Slike løyver vert gitt i tildelingsrundar når regjeringa bestemmer det
seier avdelingsdirektør i fiskeri- og kystdepartementet Martin Bryde.

Han fortel at det er uvisst når det blir utlyst ny tildelingsrunde og at det i 2010 berre er dei allereie etablerte oppdrettarane som vil kunne få lov til å byggje anlegg på land. Han kan ikkje svare på om NIRI eventuelt kan få etablert seg i Norge i framtida.

- Det er heilt umogleg å seie noko om no. Dei må først søke i ein eventuell ny tildelingsrunde eller kjøpe løyver på marknaden, seier Bryde.

- Vi har ikkje gitt opp

Det unge selskapet NIRI er allereie etablert i utlandet, men har ikkje kapital til å kjøpe seg inn på marknaden i Norge. Gravdal meiner utviklinga i opprettsnæringa er på veg opp på land, og han oppmodar Fiskeridepartementet til å bidra slik at teknologien og kompetansen blir oppretthaldt i Norge.

- Vi vil gjere nye forsøk på å få konsesjon i Norge, men viss ikkje, så må vi ut av landet, seier Gravdal.