Hopp til innhold

Tre års fengsel for overgrep

Samstundes som mannen var i fast forhold, forgreip mannen seg på fleire tenåringsjenter. No er han dømd til fengsel i tre år.

rettsal

Mannen i slutten av 20-åra vart i Fjordane tingrett funnen skuldig i fleire overgrep mot tenåringsjenter.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen må i tillegg betale 80 000 kroner i erstatning fordelt på tre av dei fornærma jentene i saka. Til frådrag i fengselsstraffa kjem 32 dagar varetektsfengsling.

Fleire søskenpar

Mannen nekta straffskuld då saka starta i Fjordane tingrett . Etter å ha høyrt forklaringane frå 19 vitne, meinte retten det bevist at overgrepa fann stad i 2006 og 2007 slik jentene hevda. Ei av dei fem jentene hadde han sex med fleire gonger.

Mannen vart frifunnen for eitt av overgrepa mot ei av jentene, og for å ha befølt ei anna. Jentene tilhøyrde same vennegjeng i ein tettstad i Sogn og Fjordane.

- Retten ser det som skjerpande at tiltalte har hatt seksuell omgang med fleire søskenpar og vener frå same omgangskrins, skriv tingrettsdommar Ida Kristin Bøen.

12 år gamal

Mannen stod i Fjordane tingrett tiltalt for fleire overgrep mot tenåringsjenter i 12 til 15-årsalderen. Den yngste jenta var 12 år gamal då overgrepet fann stad medan han viste henne rundt i leiligheita hans.

Også dette overgrepet nekta han straffskuld for, men retten festa lit til forklaringa til jenta og ei veninne av henne som kom inn på soverommet medan overgrepet fann stad. Retten meinte også at mannen var klar over alderen til jenta.

Kjøpte angrepille

Dei fleste overgrepa skjedde i leiligheita til mannen i 20-åra, men det siste overgrepet skjedde i 2007 på arbeidsplassen til mannen.

Mannen oppretta kontakt med jentene både gjennom jobb og på internett. Retten såg mest alvorleg på overgrepet mot den 12 år gamle jenta. Mannen var i forhold med ei anna kvinne då overgrepa fann stad.

To av overgrepa skjedde utan beskyttelse og retten viste til fare for smitte av kjønnssjukdomar. Ved eitt tilfelle kjøpte han også angrepille til ei av jentene.

- Planmessig

For retten var det klart at den seksuelle omgangen framstod som frivillig frå jentene si side. Jentene tok også til dels kontakt med mannen, og mannen utnytta dette.

Likevel framstod overgrepa mest som planmessig med føremål å ha seksuell omgang med mindreårige jenter.

- Slik retten ser det, er det den vaksne sitt ansvar å hindre at det finn stad seksuell omgang med bom. Det er inga formildande omstende at born er forelska, betatt eller tek initiativ, skriv Bøen.

Forsvararen til mannen, Jan Nikolai Hvidsten, seier klienten hans er skuffa over domen og truleg vil anke.