Hopp til innhold

Tiltalt for overgrep mot tenåringar

Statsadvokaten har teke ut tiltale mot ein mann i slutten av 20-åra for overgrep mot seks tenåringsjenter.

Mannen skal ha hatt seksuell omgang med fire av jentene, og befølt ei anna jente. I tillegg oppmoda han ei siste jente til å ha sex med han.

- Det er seks fornærma jenter. Fire av overgrepa er seksuell omgang i form av samleie, seier statsadvokat Jogeir Nogva.

Fekk kontakt på jobb

Mannen skal ha fått kontakt med jentene gjennom arbeidsplassen. Ein stad der det samla seg mykje ungdom. Overgrepa skal ha funne stad både i eigen heim og på arbeidsplassen.

I følgje tiltalen fann flesteparten av overgrepa stad i løpet av våren og sommaren 2006. Mannen hadde mellom anna samleie med ei 12 år gamal jente. Dei andre jentene var 14 og 15 år då overgrepa fann stad.

- Forholdet med ei av jentene omhandlar fleire overgrep, seier Nogva.

Har teke tid

Saka vart kjend for politiet i 2007 etter at mor til eine jenta via omvegar fekk nyss om kva dotter hennar hadde blitt utsett for. Det har teke tid å få saka inn for domstolen. Mellom anna har nokre av vitneforklaringane teke tid, medan det også har kome til fleire forhold.

- Sidan kom det etterkvart fleire meldingar til. Dei siste forholda kom til i mars i år, seier Nogva.

To til ti års fengsel

Mannen er tiltalt for fire brot på Straffelova. Overgrepet mot den 12 år gamle jenta er det alvorlegaste av tiltalepunkta. Tiltalepunktet har ei strafferamme på to til ti års fengsel.

I tiltalten er det teke høgde for eventuelle erstatnings- og oppreisningskrav frå fornærma gjennom bistandsadvokaten.

Det er sett av fem dagar til rettssaka som startar i Fjordane tingrett 11. mai.

Det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå forsvararen til mannen.