Hopp til innhold

Flagget lever vidare...

Mange har kjempa ein innbitt kamp for det gamle Fylkesbaatane-flagget som er fjerna frå Fjord1 sine ferjer. Men i den fjerne austen er flagget framleis å sjå i baugen.

Gamle "Sognefjord"

MED FLAGG: Gamle «Sogndefjord» fotografet i Aust-Malaysia i førre månad.

Foto: O. M. Bugge

Ein nordmann som i ei årrekkje har vore busett i Singapore, tok nyleg båt i Aust-Malaysia. Båten som bar namnet «Orient Explorer» viste seg å vere det gamle Fylkesbaatane-skipet «Sognefjord».

LES OGSÅ: Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake

Var krigsskip

Og mens båten for lengst har fått nytt namn, fekk nordmannen gjensyn med eit gammalt kjennemerke då han fekk sjå fartøyet forfra: FSF-flagget.

Artikkelen held fram under biletet.

Gamle "Sognefjord"

GODT SYNLEG: Det gamle «Sognefjord»-namnet er framleis godt synleg på overbygget.

Foto: O. M. Bugge

Det gamle Fylkesbaatane-symbolet er fjerna frå ferjene og båtane som trafikkerer våre heimlege farvatn, men eksisterer altså i beste velgåande på den andre sida av jordkloden.

Knut Nærum med fylkesbaatane-flagget på t-skjorta.

PÅ TV: Komikar Knut Nærum i 2Nytt på nytt' med FSF-flagg på t-skjorta.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Eg veit at mange i Sogn og Fjordane er interesserte i farøyet, skriv kaptein O, M. Bugge i ein e-post til NRK Sogn og Fjordane.

LES OGSÅ: Fylkesbaatane på Nytt på Nytt

Gamle «Sogndefjord» har ei innhaldsrik historie bak seg. Under Andre verdskrigen vart båten nytta i militær teneste. Fartøyet har også vore på finske hender og har vore nytta som dykkarskip.

LES OGSÅ: Knut tredobla skjortesalet

Etterlyser kjenningar av båten

Bugge etterlyser folk som har har gjort teneste på båten, eller som direkte eller indirekte har hatt noko med båten å gjere.

– På Captains Voyage Forum ønskjer vi gjerne at folk med kjennskap til båten let høyre frå seg, skriv Bugge.

«Orient Explorer» har i dag heimehamn i Kota Kinabalu, Sabah, Aust-Malaysia.