26.05.2012

På stølsbesøk

Ommedalsstøylen (Foto: Gro Ravnestad/NRK)

Ommedalstøylen i Hyen.

Foto: Gro Ravnestad/NRK

Ein del er framleis i drift, andre ligg der og ventar på sommarbesøk. Rundt om i Sogn og Fjordane ligg det mange stølar, med kvar si historie.

Kvar torsdag i føremiddagssendinga kan du vere med på stølsbesøk og møte personar som er glad i sin plass. Serien går og i reprise om ettermiddagen.

Del 1: Sandgrova i Hornindal

Setra til gardane Seljeseth og Nygard. Herdis Holmøy var budeie i Knutsdalen i 37 år. Først saman med foreldra og tre systre, seinare i lag med sin eigen familie. Høyr hennar historie: Del 1 - Sandgrova

Ola og Kari Navelsaker, Herdis Holmøy, Norunn Homøy-Wang.  (Foto: Gro Ravnestad/NRK)

På biletet: Ola og Kari Navelsaker, Herdis Holmøy, Norunn Homøy-Wang.

Foto: Gro Ravnestad/NRK

Del 2: Fellestølen på Lavikdalen

På fellesstølen i Lavikdalen driv dei ei moderne form for stølsdrift. Seks ungdomar i bygda tek seg av dei 64 kyrne som har "sommarferien" sin i fellesfjøsen. To av dei som er budeier denne sommaren er Eirin Borlaug og Tor Mølmesdal: Del 2 - Fellesstølen på Lavikdalen

Del 3: Ommedalsstøylen

Ommedalstøylen ligg i eit vakkert dalføre med frodige beiteområde og flotte fjell. Her har Anne Grete Ommedal mjølka og kinna smør sidan 1975, og i år er ho den einaste budeia på stølen i Hyen. Men sjølv om det berre er drift i eit av dei 8 sela på stølen, er plassen mykje besøkt av bygdefolket no om sommaren. Del 3 - Ommedalsstøylen

Martin Ommedal, Frank Vie, Anne Grete Ommedal og Synnøve Ommedal på Ommedalsstøylen. (Foto: Gro Ravnestad/NRK)

Martin Ommedal, Frank Vie, Anne Grete Ommedal og Synnøve Ommedal på stølen.

Foto: Gro Ravnestad/NRK

Del 4: Anestølen i Sogndal

Anestølen ligg i enden av Anestølsvatnet i Sogndalsdalen. Stølen blir driven av familien Husum, med son i huset, Ottar Husum, og sjefsbudeie Jorlaug Husum i hovudrollene. Geitene på stølen produserer 40.000 liter mjølk i året. Men ikkje alt vert levert til TINE. For etter at dei fekk veg opp til stølen på slutten av 50-talet, byrja turistane å kome til støls. Ein del av mjølka går difor til rømmegraut, mylse, kvit og brun geitost. I snart 20 år har dei drive med turisme på Anestølen. Del 4 - Anestølen i Sogndal

Del 5: Aastøylen

Judit Aa (Foto: Kristine Askvik/NRK)

Judit Aa på stølen

Foto: Kristine Askvik/NRK

Kvar ettermiddag dreg Judit Aa til fjells for å mjølke. Det har ho gjort dei siste 10-15 sommarane. Helie sommaren deler ho døgnet i to - mellom dagleglivet nede i bygda og fridomen oppe på Aastøylen i Hyen. Dottera Hilde er heime på ferie og er gjerne med på stølen. Del 5 - Aastøylen i Hyen

Aastølen. (Foto: Kristine Askvik/NRK)