Hopp til innhold

Industrieventyret i vikingetida

I skogen i Hyllestad ligg det spor etter eit 1200 år langt industrieventyr. Vikingar gjorde god butikk på eit heilt spesielt kvardagsprodukt.

Kvernstein
Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Høyr: Arkeologi 5 - Vikingetida - meir enn mjød og hærtog

Vikingane segla ikkje over Nordsjøen berre for å plyndre kloster - dei aller fleste skipa hadde langt meir fredelege hensikter. Eitt av skipa kom aldri fram - og lasta er i dag attende der den blei produsert. På botnen av Alverstraumen i Hordaland blei det funne 505 kvernsteinar i ulik storleik, alle frå Hyllestad.

Kvardagsprodukt

Irene Baug

Arkeolog Irene Baug demonstrerer håndkverna.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

- Håndkverner var allemannseige før dei større vassdrivne møllene tok over, seier arkeolog Irene Baug. Dei mange steinbrota i Hyllestad står sentralt i doktorgraden ho jobbar med, og sjølv om spora etter industrien ligg framme i dagen, er det mange ubesvarte spørsmål å ta tak i.

- Kven var det som stod bak? Kven var det som hogde ut kvernsteinane, kven beordra dei til å gjere det, kven frakta steinane ut i verda, og kven tente pengar på industrien?

Dei siste kvernsteinane blei hogde ut i Hyllestad i 1930, men lite er kjent om sjølve produksjonen. Ein veit at Munkeliv Kloster i Bergen, 3 timar unna med bil, var ein av eigarane i middelalderen, men ein veit lite om kor aktive dei var i produksjonen - og om klosteret tente pengar på sal av kvernstein.

Sleit ned tenner i heile Nord-Europa

- Det var jo ei eksportvare dette, det er funne kvernstein frå Hyllestad i Sverige, Danmark, Polen, Nord-Tyskland og Island.

Bergarten er lett gjenkjenneleg, og granatglimmerskiferen er godt egna til å kverne korn til mjøl.

- Knasa det i tenenne når ein åt slikt mjøl? Ja, seier Baug, skjelett frå middelalderen har ofte veldig nedslitne tenner, og det kjem gjerne av steinstøv i brød og graut.

Flytta fjell

kvernsteiner i Hyllestad

Desse kvernsteinane blei aldri fullførte. Kanskje nådde dei ikkje kvalitetskrava?

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Terrenget i Hyllestad må ein gong ha sett heilt anleis ut, for det er registrert over 300 steinbrot fordelt på 27 kvadratkilometer. Overalt i Hyllestad ligg det avfallshaugar etter bergverksindustrien, kvar og ein som ei skattekiste for arkeologar som Irene Baug.

- Det er i avfallet me finn spor etter dei som ein gong jobba her.

Men kvifor er det forska så lite på dette før?

- Sjølv om industrien må ha betydd vanvittig mykje for området, særleg i middelalderen, så er dette kvardagsprodukt, seier Baug. Eg trur ingen har visst kor omfattande det har vore, eller kor spennande det verkeleg er!

Norgesglasset NRK P1

Kulturstrøm

  • Ny undersøkelse: Færre leser for barna sine

    Stadig færre foreldre leser høyt for barna sine. Andelen boklesere i befolkningen synker sakte, viser Leserundersøkelsen 2024, som blir sluppet i dag, skriver Den norske forleggerforeningen i en pressemelding.

    – Foreldres lesing er avgjørende for barns ordforråd og leseglede. Nå faller også disse tallene, dette er dramatisk, sier Trine Skei Grande, administrerende direktør i Forleggerforeningen.

    Én av fire foreldre leser aldri høyt for barna sine. I 2017 svarte 93 prosent av foreldre med barn under 10 år at de leste høyt for barna sine. I 2023 var tallet 75 prosent. Samtidig viser undersøkelsen at de som leser for barna sine, gjør det oftere enn før.

    Leseundersøkelsen har blitt gjennomført av Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen siden 1977.

    – Leserundersøkelsen bekrefter at vi trenger et krafttak for lesing, sier Trine Skei Grande i Forleggerforeningen og Anne Schiøtz i Bokhandlerforeningen.

  • Årets verk og Årets utøver

    Årets verk og Årets utøver 2023 ble delt ut i Spillerom, NRK P2, søndag 21. april. Dirigent og fiolinist Lars-Erik ter Jung er kåret til Årets utøver 2023. Tre vinnere får prisen Årets verk; Jan Erik Mikalsen for Fleurs, Nils Henrik Asheim for Organotopia, Tine Surel Lange – Two sides of the River. Prisene deles ut av Norsk komponistforening.

    Årets utøver og Årets verk 2023
    Foto: Kristin Kverndokk / NRK
  • Gyldendalprisen til Hanne Ørstavik

    «En av Norges mest markante og særpregede forfattere», heter det om vinneren av Gyldendalprisen for 2023, Hanne Ørstavik.

    Dermed kan Ørstavik føye enda en gjev litterær pris til en liste som fra før av omfatter Brageprisen, Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Amalie Skram-prisen, Oktoberprisen, Doblougprisen og Aschehougprisen.

    Gyldendalprisen er på hele en halv million kroner og deles ut annethvert år til «et særlig betydelig forfatterskap uavhengig av hvilket forlag forfatteren er tilknyttet».

    Hanne Ørstavik utgir bøkene sine på Oktober forlag, har skrevet til sammen 14 romaner, senest fjorårets «Bli hos meg», og er oversatt til 30 språk.

    Hanne Ørstavik, Gyldendalprisen
    Foto: Forlaget Oktober