Hopp til innhold

Krev sanninga om fiendtleg ubåt

- Tida er inne for å legge alle kort på bordet, seier Johanna Vangsnes om ubåten ho og mange andre såg i Sognefjorden i november 1972.

Johanna Vangsnes ved Sognefjorden der ein ubåt vart observert i 1972.

- Det var tydeleg at det var noko den skulle rekognosere. Du køyrer ikkje heilt opp under Vangsnes med periskopet oppe utan at det er noko, seier Johanna Vangsnes om ubåten ho, og fleire andre, såg i Sognefjorden i november 1972.

Foto: Bård Siem / NRK

Det er søndag 12. november. Året er 1972 og det er «kald krig» mellom aust og vest. Plutseleg ringer telefonen til Johanna Vangsnes på Vangsnes i Vik. Samtalen gjer at ho spring til stoveglaset og ser ned mot Sognefjorden. Synet er ho ikkje i tvil om.

- At det var ein ubåt, er eg alldeles sikker på. Den var godt synleg. Du såg den følgje land ei god stund, før alt plutseleg forsvann i djupet, fortel ho.

(SAKA HELD FRAM UNDER TV-INNSLAGET)

Video nsps_upload_2010_1_5_11_10_22_2715.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

November 1972 vende heile verda auga sine mot ubåtjakta i Sognefjorden. SJÅ TV-SAK FRÅ 2005.

Fyrte rakettar

Marinen vart varsla, og observasjonane utløyste ei 16 dagar lang jakt med 16 marinefarty, fly og to britiske spesialhelikopter. Heile verdspressa strøymde til Sogn for å følgje den oppsiktsvekkjande ubåtjakta .

Leiting etter ubåt i Sognefjorden i 1972

Bilete frå ubåtjakta i 1972.

Foto: NRK

LES OGSÅ: Ubåten i Sognefjorden

Det vart sleppt synkeminer og avfyrt rakettar for å tvinge ubåten opp. Men ingenting skjedde. Sidan har ingen fått svar på om det verkeleg var ein ubåt i den 205 kilometer lange fjorden.

- Ingen kontakt

No avdøde Kontreadmiral Bjarne Grimstvedt var skipssjef ombord på fregatten KNM Trondheim, som var aktivt med under leitinga. Han meinte det var lite truleg at det verkeleg var ein ubåt i fjorden .

- Eg kan seie med 100 prosent sikkerheit at vi ikkje fekk kontakt med nokon ubåt dei 16 døgna vi heldt på. Det går an å gøyme seg, men å gøyme seg 16 døgn i Sognefjorden utan at nokon av dei 15 fartya fekk ein "sniff" av den, skal godt gjerast, sa han til NRK i 2005.

- Sikker ubåt

VG 27. november 1972 - Hvorfor slapp u-båten unna?

1972 var året då heile verdspressa kom til Sogn. Her frå eit VG-oppslag 27. november.

Foto: NRK

Men i følgje avisa Firda stadfestar no nedgraderte forsvarsdokument at det verkeleg var ein framand ubåt i Sognefjorden denne novemberdagen i 1972. Det blir mellom anna vist til eit Orion-fly som om morgonen 24. november hadde kontakt med ein ubåt heilt i utløpet av Sognefjorden.

- Den var då klassifisert som sikker ubåt, heiter det i eit av breva som lokalavisa refererer til.

Vart utledd

Vangsnes er glad for at dokument viser at det var kontakt med ein framand ubåt.

- Det er avdøde som såg den, og nærast vart litt utledd for at dei hadde sett det. Mellom anna ein av dei gamle på Vangsnes sa seinare i livet at "om det nokon gong låg så tett med ubåtar mellom Vangsnes og Balestrand at eg kunne gått på dei, så ville eg aldri ha opna munnen min", seier ho.

Forsvarsminister Grete Faremo vil ikkje kommentere saka.

Leiting etter ubåt i Sognefjorden i 1972

Sogndalsfjorden var sentral i leitinga. Politiet og forsvaret fekk fleire rapportar frå folk som meinte at dei hadde gjort sikre observasjonar av ein framand ubåt i fjorden.

Foto: NRK