Hopp til innhold

Her kan det komme bompengar

Frå fylkesveg 60 Olden-Innvik

BOMPENGAR? Utbetring av riksveg 60 Olden - Innvik kan bli bompengefinansiert om kort tid.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

- Vi ser at det er knapt med midlar, og at det er mange prosjekt som står i kø. Då må vi sjå på alternative finansieringsmåtar - og bompengar er ein av moglegheitene, seier Nils P. Støyva.

Sp og Ap vil drøfte finansiering

Ordføraren i Stryn opnar med det for ein prosess som kan munne ut i bompengefinansiering av flaskehalsen langs riksveg 60 mellom Olden og Innvik.

Ein fleirtalskoalisjon av Senterpartiet og Arbeidarpartiet går i dag inn for drøftingar med Stryn kommune om heil eller delvis bompengefinansiering av opprusting av den mykje omdiskuterte vegstrekninga, skriv firda.no .

Skal vurdere saka i kommunen

Stryn kommune har to gongar tidlegare sagt nei til eit slikt forslag, men no ser Støyva på dette som eit alternativ til å vente på vegmidlane - som ikkje kjem før i 2020.

- Det blir som å velje mellom pest og kolera. Kva som er best og verst, vil eg ikkje spå, seier ordføraren til NRK Sogn og Fjordane.

- No skal vi gjere ei vurdering i Stryn kommune, dersom vi får spørsmål om bompengefinansiering, og så får vi sjå kva det bringer, seier Støyva.