Det er Aurdalen Kyrkjegard i Aurland, Gulatinget på Flolid i Gulen, Utvær kyrkjestad i Solund, Steinkrossen i Korssundet i Fjaler, St Olavskrossen på Svanøy i Flora og Selje kloster i Selje.
Biskop Ole Danbolt Hagesæter seier det godkjenner desse plassane for å få slutt på utviklinga med at enkelte giftar seg under vatn, på fotballstadion eller i telefonboksar.
D e t a l j a r o m d e i n y e v i g s e l s t a d a n e :
Indre Sogn
Aurdalen kyrkjegard på Østerbø i Vangen sokn i Aurland prestegjeld. Det er ein kyrkjegard som ikkje er i bruk, 900 meter over havet utan hus eller kyrkjetårn, men med ein kross i inngangsportalen. Det har vore friluftsgudstenester der, sist i 2003.
Ytre Sogn
Gulatinget på Flolid i Gulen sokn i Gulen prestegjeld. Historisk stad, men ikkje kyrkjetomt. Utsmykka med moderne krossymbol fordi det er tusenårsstaden i Gulen.
Utvær kyrkjestad i Solund sokn i Solund prestegjeld. Her var kapell frå mellomalderen og fram til 1717. Der har vore gudsteneste med ujamne mellomrom og det var ein vigsel der i 2000.
Sunnfjord
Steinkrossen i Korssund i Dale sokn i Fjaler prestegjeld. Det er det største keltiske steinkrossen frå den fyrste kristne tid i Noreg med tradisjonar knytt til Olav den heilage. Det har vore gudstenester der på 16- og 1700-talet, og no er det friluftsgudstenester der bl.a. på Olsok.
St. Olavskrossen på Svanøy i Kinn sokn i Kinn prestegjeld. Krossen står inne på ein kyrkjegard som er i aktiv bruk. Det var ei kyrkje som vart riven på 1800-talet. Det er gudstenester der ein eller fleire gonger i året.
Selje kloster bør bli ein populær stad for vigslar.
Nordfjord
Selje kloster i Selje sokn i Selje prestegjeld. Det er ein klosterruin med fleire kyrkjeruinar:
Albanuskyrkja på sjølve klosterområdet og Sunnivakyrkja utan Sunniva hola som også vert kalla Michaelskyrkja. Det vert jamnleg halde friluftsgudstenester der og det har vore vigsel der før.