Hopp til innhold

Fortvila for jerveskyttar

Ventar på politiet etter at han skaut jerv utan fellingsløyve.

Jerv i Oppstryn
Foto: Ingolv Folven

- Det kunne vore veldig greitt å vore ferdig med dette og fått ei avklaring, seier gardbrukar Johan Berge i Stryn.

Les og: - Skaut jerv i naudverje

Les og: - Brot på lova

Les og: Sender jerv til obduksjon

Det er snart gått eitt år sidan han skaut ein jerv på Strynefjellet. Han og ein kollega såg jerven gå til angrep og både før og etter hendinga vart det funne drepne og skadde sauer i området.

Kopla inn Økokrim

Sjølv om det er gått lang tid har ikkje Politiet avgjort om det vert tiltale og siste utviklinga er at Økokrim er kopla inn. Berge meiner saka er opplagt og fryktar ikkje å verte straffa for jervedrapet men seier det er ei belastning å måtte vente.

- Du blir minna på det kvar dag. Folk spør korleis det går med saka og dei ristar på hovudet når eg seier det ikkje er kome nokon konklusjon, seier Berge.

- Enorm ressursbruk

Politijurist Knut Broberg var i går ikkje tilgjengeleg for kommentar, men seier til Fjordingen at Økokrim har ein spesiell kompetanse på slike saker og at han trur saka kan vere ferdig hjå dei innan eit par månader. Berge tykkjer sjølv at det er litt rart å kople inn Økokrim i ei sak som han meiner er opplagt.

- Det er no enormt ressurskrevjande. Det blir eit paradoks når du ser kva saker dei berre legg vekk. Eg meiner denne saka må vere opplagt med tanke på dei store skadene vi hadde på sauer i det området og at jerven gjekk til direkte angrep på dei, seier Berge.