Hopp til innhold

- Skaut jerv i naudverje

Bonde i Oppstryn skaut jerv i dag tidleg.

Jerv i Oppstryn

Dette er jerven som vart skoten i Oppstryn.

Foto: Ingolv Folven

- Jerven jaga ein sau og to lam, og var berre 20 meter ifrå dyra. Jerven måtte slakke ned på farten då han skulle gå over ei ur. Då skaut eg han, seier Johan Berge.

Beskytta sauene

Jerven vart skoten frå omtrent 60 meter, og dauda momentant ifølgje bonden. Jerven var 14,5 kilo tung.

- Eg skaut han for å bevare dei sauene vi har i området, og redusere tapstalet mest mogleg, seier han.

Har truleg drepe fleire

- Ser du på dette som naudverje?

- Det var heilt klart naudverje, seier han.

Dette er truleg jerven som har drepe og skada sauer i området tidlegare i sommar.