Hopp til innhold

Saftkokaradn trugar Sogndal Fotball

Det har skore seg heilt mellom Sogndal Fotball og supporterklubben Saftkokaradn.

Slik jublar glade Saftkokarar etter Sogndal-scoring.

Saftkokaradn trugar med å bryte samarbeidet med Sogndal Fotball.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I eit ope brev krev Saftkokaradn dei lågaste prisane på sesongkort på Fosshaugane. Om ikkje trugar dei med å bryte samarbeidet med fotballklubben dei støttar.

- No er det andre grupperingar av tilskodarane som har betre vilkår enn oss. Det finn vi oss ikkje i, seier talsmann Vidar Vadseth.

- Feil handsaming

Bakgrunnen er at Sogndal har lansert eit tilbod med ungdomstribune med sterkt reduserte prisar for unge fotballinteresserte. Prisane er godt under det Saftkokaradn betalar for sine sesongkort. Vadseth meiner dette er feil måte å handsame ein trufast supporterorganisasjon.

- Korleis skal vi klare å rekruttere medlemar når dei kjem med betre tilbod til ungdomane. Har vi det beste tilbodet, så er det lettare å få rekruttert nye medlemmar og ha ståande syngande supportarane, seier Vadseth.

Vil ikkje innfri krava

I tillegg krev Saftkokaradn at bortesupportarane ikkje skal få stå på same tribune som dei. Dette er i tråd med politikken til Norges Fotballforbund. Men arrangementssjef Geir Inge Heggestad seier at Sogndal Fotball ikkje vil innfri desse krava.

- Det er ikkje fordi at vi ikkje tek supportarane våre høgtidleg, men det er ikkje dei som avgjer at dei skal ha dei beste prisane og ikkje skal stå på same tribune som bortesupportarane. Det er faktisk opp til Sogndal Fotball, seier han.

- Flisespikkeri

Medan Saftkokarand betaler 1 195 kroner for eit sesongkort, får unge fotballspelarar i Sogndal som hjelper til med arrangementa, ein spesialpris på 595 kroner. Ordinærpris på ungdomstribuna er 1 000 kroner. Heggestad meiner det er flisespikkeri av Saftkokaradn å krevje lågare pris.

- Deler du dette på 15 kampar, så er det snakk om kanskje litt meir enn ti kroner meir per kamp. Sogndal Fotball kan ikkje diskutere tiarar med saftkokaradn og bruke energi på det. Vi må bruke energien på å bygge eit skikkeleg konsept som på ein måte fenger alle, seier han.