Hopp til innhold

Vil bytte polakkar mot nordmenn

Skipsverftet Havyard Leirvik i Hyllestad lokkar oppsagde fundoarbeidarar med fast jobb.

Havyard Leirvik
Foto: Ottar Starheim / NRK

Personaldirektør Bente Nesse vil ha hjelp frå NAV til å omskulere felgprodusentane frå Høyanger, til å bli båtbyggjarar ved verftet i Hyllestad.

- Det er mykje rimelegare og meir praktisk å ha norske tilsette, seier Nesse.

Over halva austeuropearar

Havyard Leirvik har i fleire år hatt problem med å få norske arbeidarar. I dag er 300 av 500 tilsette utanlandsk arbeidskraft.

No ser personaldirektør Nesse mogelegheita for å utnytte krisa hos felgprodusenten Fundo Wheels i Høyanger, som vart slått konkurs i januar .

- Meir konkurransedyktig

Utleigarselskapet Efinor Jobb Hyllestad har 130 polske og rumenske arbeidarar ved verftet. Dagleg leiar Dag-Jøran Hjelmeland er glad for tiltaket til Havyard Leirvik, sjølv om det kan bli færre utanlandske tilsette.

- Dersom vi hadde fått fleire norske, så hadde vi blitt meir konkurransedyktige, seier han og trur at etterkvart som arbeidsløysa i Norge stig, vil fleire utleigeselskap ser seg om etter norsk arbeidskraft.

- Industri er industri

Nesse har vore i møte med NAV for å få dei til å betale for omskuleringa av det som kan vere fleire hundre arbeidarar.

- Industri er industri. Folket har ein basiskompetanse som eg er heilt sikker på at vi vil ha nytte av. Vi kan kommunisere med dei. Det er mange fordelar, seier ho.