Hopp til innhold

-Journalistar bør ha politikarvener

Partisekretær i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Eirik Aarek, meiner journalistar bør få lov til å vere vener med politikarar og vere tilknytt politiske grupper.

- Er det den store skilnaden å ha ein politikar som ven, eller å sitte på kafe og snakke med han, eller vere på same volleyballlag eller idrettslag som ein politikar, undrar han.

- Uproblematisk

Redaktør Svend Arne Vee og journalist Dag Frøyen i Firdaposten, var fram til torsdag føremiddag medlemer av ei støttegruppe for Arbeidarpartiet på Facebook. Aarek trur dei fleste journalistar ikkje har noko imot å vere ven med politikarar i nettsamfunnet, men at ein av omsyn til arbeidsgjevar vegrar seg for at "ingen skal bli tekne på det".

- Eg meiner slikt er heilt uproblematisk så lenge journalisten er open og ærleg om det og har integritet. Det handlar også om ytringsfridom i form av å kunne vere ven med kven ein vil, seier Aarek.

- Kan vere nyttig

Frøyen seier at han det med omsyn til stofftilfang kan vere interessant å vere "der det skjer". Aarek er samd og meiner at mange journalistar kan ha nytte av å vere medlem i slike grupper.

- Det blir meir og meir nettbaserte samfunn og eg trur det blir mykje nettbasert valkamp i tillegg til stands og debattar som vi er vande med. Her kan journalisten få informasjon og tips til saker, seier han.

Integritet og fornuft

Aarek meiner journalisten sjølv skjønar kvar grensene går for kva som kan skrivast om og ikkje. Han seier at erfaringar viser at journalistar med politisk bakgrunn, ofte er dei største kritikarane om å skrive om partiet.

- Det handlar om integritet og fornuft. Har ein "tette band" til eit parti, så vil dei aller fleste journalistar unngå å bli sett på slik type saker. Samstundes er det også klart at ein redaktør får ansvar for å passe at det ikkje blir "overtramp", seier han.

- Kva er skilnaden?

Partisekretæren samanliknar internettsamfunna med samfunnet generelt. Han legg også til at på nettsamfunnet på Facebook, så er koplingar mellom person og grupper open. Ved enkle redaksjonelle grep kan ein også orientere lesarar om journalisten sine koplingar.

- Seier ein eigentleg ikkje nei takk til å vere på stader der det kan vere nyttig å vere, undrar han og legg til:

- Er det så stor skilnad å vere ven med ein politikar på Facebook, enn å stikke ned på kafeen og ta ein kaffi med han?