Hopp til innhold

Redaktør med i Ap-støttegruppe

Redaktøren og ein journalist i Firdaposten var heilt til i føremiddag med i ei støttegruppe for Arbeidarpartiet. Då NRK avdekte saka, melde begge seg ut.

"Ingrid og Tor på tinget" heiter støttegruppa på Facebook som jobbar for å få Arbeidarparti-politikarane Ingrid Heggø og Tor Bremer på Stortinget.

Begge to har lang politisk erfaring, og vi håper dei begge får nytte den vidare på Stortinget etter valet, heiter det mellom anna på støttegruppa si side.

Hevdar det var glipp

Då NRK var inne på sida i dag føremiddag, var Frøyen og Vee to av i alt 211 medlemmer i støttegruppa. Men no har altså begge meld seg ut. Vee hevdar han melde seg inn ved ein glipp.

- Eg har nok meld meg inn og klikka på invitasjonen utan å vere bevisst på at eg gjorde det. Dette tek eg kritikk for og har allereie meld meg ut, seier han.

- Men går det verkeleg an å melde seg inn utan å ville det?

- Ja, det har dessverre skjedd med meg, seier Vee.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Vedgår tabbe

Journalist Dag Frøyen vedgår at det var ein tabbe å bli med i ei støttegruppe for å få Bremer og Heggø inn på Stortinget.

- Ja, eg ser for så vidt at det kan vere ei tabbe, men samstundes er det ganske viktig for meg å påpeike at dersom du som journalist skal ha eit stofftilfang som skal vere interessant så er det viktig å vere der det skjer, seier han.

Melde seg ut

Frøyen seier at han melde seg ut ut av gruppa i respekt for synspunkta til Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold.

- Fryktar du å ha mist truverd som journalist ved at du har vore med i ei støttegruppe for eit bestemt politisk parti?

- Nei, det gjer eg ikkje.

Glad Kokkvold

Per Edgar Kokkvold

Per Edgar Kokkvold

Foto: Roald Berit / SCANPIX

Kokkvold er glad for at både Vee og Frøyen har meld seg ut av den omtalde støttegruppa. Men dersom ein først engasjerer seg i eller har bindingar til eit bestemt parti eller organisasjon, er det avgjerande viktig at lesarane i avisa blir informert om dette.

Dersom ikkje går det sterkt ut over truverdet, hevdar Kokkvold.