Hopp til innhold

- Noah treff ikkje i det heile

Dyrevernorganisasjonen Noah meiner bondenæringa sine haldningar til rovdyr er skakkøyrde.

Gaupe jakter lam

Illustrasjon

Foto: Jostein Hunstad

Uttalen kjem i samband med at bøndene ynskjer å sette opp 200 skilt kring om i fjellheimen i fylket for at folk skal hugse å varsle bøndene om rovdyr.

- Slike påstandar har ikkje rot i røynda, seier leiar Ingolf Folven i Sogn og Fjordane Bonde- og småbrukarlag.

- Suspekt ordning

Skilta skal ha bilete av rovdyrspor slik at turgåarar og andre kan samanlikne spora, og eventuelt varsle det lokale sankelaget. Det er Statens Naturoppsyn som har ansvar for registreringa av rovdyrbestanden, og det er dei som no oppmodar bøndene til å få inn observasjonar av rovdyrspor.

Siri Martinsen i Noah meiner ordninga er suspekt og skuldar bøndene for å sikre seg nye argument for å felle fleire rovdyr.

- Må vite trugsmåla

I ettermiddagssendinga måndag debatterte Martinsen og Folven rovdyrskilta . Her avviste Folven at skilta er til for å felle fleire rovdyr. Bøndene hevdar at dei følgjer oppmodinga frå staten og at skilta skal gje både staten og bøndene betre oversikt over rovdyrbestanden.

- Skal vi ta vare på dyra på ein god måte, så må vi vite kva trugsmål som er i eit område. Får vi tilbakemelding frå turgåarar og andre om spor, så kan vi gå inn og beskytte dyra, seier Folven.

- Gå til politikarane

Martinsen meiner at skilta også bør oppmode turgåarar om å tipse om skadde dyr.

- I mange beiteområdet har det vore plakatar om å melde attende om ein ser noko unormalt med beitedyr, seier Folven og meiner at Martinsen bør rette skytset mot politikarane som har vedteke rovviltforvaltninga.

SEI DI MEINING OM ROVDYRSKILTA