Hopp til innhold

Vil ha tipsskilt om rovdyr

Bøndene vil i vår setje ut hundrevis av skilt i naturen her i fylket for at folk skal varsle dei om rovdyr.

gaupe jakter på lam
Foto: Jostein Hunstad

På skilta vil det vere bilete av typiske rovdyrspor og telefonnummer til det lokale sankelaget. Men dyrevernarane meiner dette er jamgodt med ein angivartelefon og trur bøndene vil skyte dyra.

Tiltak

Leiar i Sogn og Fjordane Sau og geit Halvar Espeseth seier det er snakk om å kjapt kunne setje i verk tiltak.

- Det er viktig å få kjapt tilbakemelding om det vert observert rovdyr, slik at vi kan sende ut folk for å anten avkrefte eller stadfeste at det er rovdyr der. Vi kan då kjapt setje i gang tiltak, seier han.

200 skilt

Før påske vert truleg omlag 200 skilt sett opp ved utfartsstadane til turområde kring om i fylket. Håpet er at turgåarar som ser rovdyr eller spor kan varsle dei lokale sankelaga.

Bøndene håpar at dei dermed kan få vite meir om kva rovdyr som er i fjellheimen og kor dei er.

- Det er for å fjerne dyra, og eventuelt beskytte buskapen så ein ikkje får meir tap en naudsynt, seier Espeseth.

- Klappjakt

Siri Martinsen i NOAH.

Siri Martinsen i NOAH

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Men dyrevernarane oppmodar folk om å ikkje ringe, Veterinær Siri Martinsen i organisasjonen Noah for dyrs rettar, kallar tipsordninga for suspekt angiveri, og samanliknar det med borgarvern.

- Det seier mykje om kor skakkøyrd heile haldninga og systemet rundt denne næringa er, når ein ser på dyr som høyrer til i vår fauna som unormalt og uønska. At ein skal nærast oppfordre til angiveri og klappjakt på dei viss ein ser dei.

Martinsen meiner at om bøndene bryr seg om sauene burde dei heller sett opp skilt om at folk må melde frå om skadde eller sjuke beitedyr.