Hopp til innhold

Vil ha tips om kunstgrasvandalar

Politiet i Gloppen etterlyser vitne som natt til laurdag kan ha observert bilar eller folk i nærleiken av kunstgrasbana på Myklebustflata.

Bil spann hol i kunstgrasbana på Sandane.

Bilføraren bak dette holet kan vente seg både bot og ei tid utan førarkort.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Det kan vere bilar som har vore på kunstgrasbana, eller i nærleiken av kunstgrasbana, eller lyd, bråk og støy som dei har høyrt, seier lensmann Nils Ove Roset.

- Ei stor skam

kunstgrasbane

Bilen som natt til laurdag var inne på kunstgrasbana, spann hol i banedekket.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Natt til laurdag vart kunstgrasbana på Sandane igjen utsett for skadeverk. Ein bil var inne på anlegget til ti millionar kroner og spann to hol i banedekket . I dag starta politiet etterforskinga.

- Det er ei stor skam. Dette må vi etterforske og finne ut kven som har gjort. Det er ikkje anna å seie, seier Roset.

Mister førarkortet

Samtalar med naboar til anlegget, har ikkje ført fram til gjerningsmannen eller mennene.

- Ein har gjort sine tankar og gjer det framleis. No må vi resonnere oss fram og sjå litt samanhengar. Dei som har gjort slikt får kraftige bøter og førarkortet vert sjølvsagt drege inn, held Roset fram.

- Byrja nesten å gråte

Friviljuge har lagt ned enorm dugnadsinnsats. Sjølve bana var ferdig for halvanna veke sidan. Den vert offisielt opna om knapt to veker.

- Eg var så sint at eg nesten byrja å gråte då eg såg skadeverket. Det er slik at vi ikkje trur det, seier formann i fotballgruppa i Sandane Turn- og Idrettslag, Jan Inge Erdal. Også tidlegare har det vore skadeverk då prøvde nokon å setje fyr på banedekket og øydela ei plenrulle.