Hopp til innhold

'Burna' på flunka ny kunstgrasbane

Vandalar på Sandane let ikkje den nye kring halvanna veke gamle kunstgrasbana stå i ro.

Kunstgrasbana på Sandane får ikkje stå i fred for vandalar.

Tydelege spor etter burning på den nye kunstgrasbana på Sandane.

Foto: Arild Bruland

Allereie er det gjort tre forsøk på skadeverk. Natt til laurdag 'burna" vandalar med bil inne på kunstgrasbana.

- Eg er rysta. Her på Sandane er det tydelegvis eit rølpemiljø der det er aksept for å gjere slike ting, seier ein rysta leiar i fotballgruppa til STIL, Jan Inge Erdal.

Burna hol i bana

Fotballmiljøet vakna laurdag opp til nok eit skadeverk på den nye kunstgrasbana til 10,7 millionar kroner på Myklebustflata. Tydelege spor vitnar om ein bil som på kunstgrasbana.

- Den har stått og "burna". To stadar er det hol, på størrelse med fotballar, ned på grusen, seier Arild Bruland og ikkje ynskjer å spekulere i kven som står bak.

Sette fyr på bana

Skadeverket er allereie meld til politiet. Det er også fleire andre tilfelle av skadeverk.

- Ein plenrulle vart også stolen. Den fann vi seinare att ramponert. I tillegg har nokon prøvd å sette fyr på bana. Alt dette er meld til politiet og vi får inn mykje tips som vi sender same vegen, fortel Erdal.

Kunstgrasbana på Myklebustflata stod ferdig for halvanna veke sidan.

Kunstgrasbana på Myklebustflata stod ferdig for halvanna veke sidan.

Foto: Arild Bruland

Kan koste dyrt

Det er uvisst kor mykje skadane utgjer i kroner og øre. Irritasjonen i idrettsmiljøet er derimot lett å måle.

- Skadane må reparerast. Dersom vi må opp med det nederlandske firmaet som legg kunstgraset for Unisport, så vil det koste. Men, for det første er dette trist for idrettsmiljøet. Så er det irriterande for dei som har stått på og arbeidd for at det skulle bli bane, seier Bruland.

- Trudde ikkje at det gjekk an

Det fysiske arbeidet med bana byrja i mai. 27. september er det planlagt opning av anlegget. Bana er førebels ikkje gjerda inne. Dette er arbeid som dugnadsgruppa skal ta til på i næraste framtid.

- Stort sett har arealet stått avsperra, men sidan det har vore drive avsluttande arbeid i grunnen, så har det stått ope. Ærleg tala så trudde vi ikkje at folk kunne gjere slikt sjølv om det stod ope, seier Erdal.

- Eg finn ikkje ord

Idrettsmiljøet på Sandane har i fleire år arbeidd med planane om ei kunstgrasbane. Det ferdige anlegget er allereie tek i bruk og er blitt veldig populært.

- Eg tykkjer at det er.... Eg skjønar ikkje at det går an. Det er forbaska trist. Eg var nede i går og der var det mange som kosa seg og leika med fotball. Midt på bana er det tydelege spor etter 'burning', fortel Jan Ove Ødven, som er trenar i STIL.