- Bøndene får i pose og sekk
Vil fjerne bøndene sine erstatningar når bjørn drep sau.
Publisert 18.06.2008 06:56.
- Kommentarer
- Skriv ut
- Her får ein både i pose i sekk. Ein får skyte ut alle dyra som kjem over fjellet samtidig som ein får erstatning, og det tykkjer eg er litt merkeleg, seier Magne Sleire, tidlegare rovviltkontakt i Sogn og Fjordane.
Les og:Bjørnen er skoten
- Fjern ordninga
Difor vil Magne Sleire at kompensasjonsordninga for sauetap etter bjørn vert fjerna. Ordninga vart innført etter 1973, då bjørnen vart freda her i landet. Med ordninga får bøndene ein viss pengesum for kvar sau bjørnen tek. Men Stortinget har bestemt at det ikkje skal vere rovdyr i Sogn og Fjordane. Difor gav fylkesmannen fellingsløyve til bjørnen som vart skoten i Fjærland søndag. Det fellingsløyvet bør heller gjelde heile året, seier Sleire.
- Eg føler at alternativet er at ein let dei skyte 365 dagar i året så lenge erstatningsordninga ikkje fungerer slik den gjorde i starten. Erstatningsordninga er jo der berre for at ein ikkje skal skyte dei. Ikkje for at ein skal skyte dei og få pengar for skaden bjørnen gjer, seier Sleire.
Ikkje for bjørnen
Erstatningsordningane er ikkje der for at ein ikkje skal skyte bjørnen. Den er der for at bøndene ikkje skal lide for rovviltforvaltninga her i landet, seier Arne Bjørk, som er sauebonde i Jostedalen.
Han likar ikkje forslaget til Sleire. Eit fellingsløyve er slett ikkje det same som at bjørnen vert skoten, seier han. Og dessutan er næringa avhengig av erstatningsordninga for å klare seg ved bjørnetap.
- Sauehaldet er ganske marginalt med det som er. Skal sauebonden ta det tapet sjølv har vi ikkje nokon att i løpet av veldig kort tid, seier Bjørk.
Galleri
Bjørn i Sogn og Fjordane
- Fellingslag klare til å rykkje ut
- - Ei naturleg utstopping av bjørnen
- Bøndene rasar mot utstoppa bjørn
- Bjørnejakt til 150.000 kroner
- - Nei Gud, fekk vi bjørneskinnet?
- Musea får bjørnefellen
- Redd for bjørne-fokus
- - Bøndene får i pose og sekk
- Ingen ny rovdyr-debatt
- Kjøtauksjon på bjørnen i morgon
- Kven betalar bjørnejakta?
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken






























Sjå bjørnebileta her















Sol og sommar i fylket