Hopp til innhold

Bil med fem velta

Ein bil med fem personar velta og hamna på taket mellom Sandvika og Barlindbotten utanfor Eikefjord laurdag ettermiddag.

- Det var fire born i alderen 11 til 13 år i bilen i tillegg til ein vaksen, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt Odd Arve Solvåg.

To av borna vart sende til Førde sentralsjukehus med lettare skader. Dei tre andre fekk legehjelp på staden.

Politiet fekk melding ulukka klokka 12.39

 I tillegg til politi var ambulansepersonell på staden. Også brannvesenet vart kalla ut på grunn av fare for bensinlekkasje.