Hopp til innhold

Bjørnen kan ha hi i Luster

Ekspertar trur bjørnen som er på vandring i Jostedalen, er den same som var der i 2006.

- Det er kjent at alle rovdyr søkjer attende til positive næringspunkt, seier Ivar Mysterud, som er bjørneekspert og forskar ved Universitetet i Oslo.

Vaksen hannbjørn

Spora som er observert i Jostedalen er noko større enn for to år sidan.

DEBATTER: Bjørnen er tilbake

- Det er ikkje unaturleg. Då var den 3,5 år, no er den 5,5 år og er blitt ein vaksen hannbjørn, seier Mysterud. Han trur bjørnen kan ha overvintra i området.

Har truleg overvintra

Bjørnen kan gå fleire kilometer på eit døgn, men Mysterud seier bjørnen kan ha overvintra i Jostedalen. Prøvar av hår eller ekskrement kan stadfeste dette.

LES OGSÅ: Her gjekk ein svolten bjørn

- Den kan sjølvsagt ha gått tidleg ut av hiet i vår, men den har mest truleg ligge i fjella ein stad i vinter og er no ute i nærområdet og søkjer etter mat, seier han.

Vanskeleg søk

Statens Naturoppsyn har i dag prøvd å følgje spora etter bjørnen. Dei har også sett etter hårrestar og ekskrement. Rovviltkontakt Einar Fortun fortel om ei vanskeleg oppgåve.

LES OGSÅ: Vil ha tips om bjørnen

Bjørnespor

Bjørnespor i Jostedalen.

Foto: Erik Håtveit/leserfoto

- Vi har leita frå Nigardsbredalen mot Krundalen, men alle spora byrjar å bli gamle, seier han. Også Fortun trur at det er tale om ein vaksen bjørn.

- Bør jakte no

Bøndene i Jostedalen har allereie søkt om fellingsløyve på bjørnen. Fortun er samd i at no er den beste tida å jakte på den.

- Det er større sjanse å få felle den no når det er noko sporsnø, enn på sommaren når snøen er heilt vekke, seier han.

- Frykt ikkje bjørnen

Enkelte stader har bjørnen gått 200-400 meter frå busetnad. Sjølv om det er tale om ein svolten bjørn på jakt etter mat, seier Mysterud at ein ikkje treng å vere redd for bjørnen.

LES OGSÅ: Gode råd om du møter bjørn

- Men ein skal sjølvsagt ikkje provosere ein bjørn som et, eller ei binne som er ute og tuslar med ungen sin, seier han.