Hopp til innhold

Høyr sogndalkampen på nett

Sogndal fekk ein draumestart på årets sesong då dei førre helga tukta opprykkskandidaten 1-0 på bortebane.

Håvard Flo
Foto: Sander Heggheim / NRK

På nettsidene til NRK Sogn og Fjordane kan du søndag frå klokka 17.55 høyre om 1. divisjonsklubben føl opp med ny siger når Haugesund kjem til Fosshaugane.

- Vi har fått klarsignal frå Norsk Toppfotball til å lydoverføre heimekampane til Sogndal. Det er vi veldig glade for, seier redaksjonssjef Rolf Sanne-Gundersen.

HØYR: SOGNDAL - HAUGESUND

Arne Eithun og Arve Uglum blir kommentatorane som følgjer heimekampane til Sogndal.

- Vi har likevel folk til stades på desse kampane som produserer til både nett og radio. Dessutan har vi gode tradisjonar for å følgje Sogndal tett, seier Sanne Gundersen og vonar at overføringa vert eit godt tilbod til alle som ikkje har høve til å vere på Fosshaugane.

Har med Terje Skjeldestad

Under dagens kamp mot Haugesund er det Arne Eithun som er kommentar. Med seg som sidekommentar har han keeper Terje Skjeldestad som er skada og difor ikkje kan spele i dag.

LES OGSÅ: