Hopp til innhold

- Han er tidenes beste spiss

Håvard Flo er høgt elska i Danmark.

Håvard Flo
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

38-åringen er av danske supporterar kåra til tidenes beste angripar i toppklubben AGF Aarhus.

Sogndalspelaren frå Stryn har i si karriere spelt for Stryn, Sogndal, AGF Aarhus, Werder Bremen og engelske Wolverhampton. Og det er danskane som verkeleg har trykt han til sitt bryst.

- Veldig overraskande og desto hyggelegare. Dette er ein pris som står veldig høgt for meg, seier Håvard Flo sjølv.

Store augneblinkar

- Eg hadde to fantastiske år frå 94 til 96. To av dei stundene eg hugsar best er debuten mot Odense. Eg hadde nett komt til Danmark og fekk så å seie berre skifta før eg gjekk rett ut på stadion og skåra to mål før pause. Vi vann kampen 5-0. Dette var ein snuoperasjon for laget, som då sleit i botnen.

Eit anna høgdepunkt var då stryningen vart dansk cupmeister i 1996.

- Fantastisk tid

- I AGF fekk eg .ei overveldande støtte. Eg hadde ikkje vore bort i liknande frå tida i Sogndal. Det trykket, menneskehavet og alt oppstyret var heilt fantastisk.

- Fansen tok meg rett inn i varmen. Det var ikkje måte på, det var songar, bannerar, eigentleg rimeleg sinnsjukt.

Fleire store namn var med i kåringa om å verte tidenes angripar. Mellom anna Flemming Povlsen som vart europamester for Danmark i 1992. Men Flo vann altså nettavrøystinga mot dansken.

- Tilbake til kvardagen, korleis kan denne kåringa påvirke spelet ditt?

- Dette er sjølvsagt kjekt, men det kan ikkje relaterast med det vi driv med her heime. Men det er mange fine bilete frå den tida oppe i hovudet mitt, om eg kan ta med meg noko av det inn på Fosshaugane så er ingenting betre. Men akkurat no er sigeren i helga mot Bryne viktigare, seier ein nøgd Håvard Flo.