Hopp til innhold

Fann død person i Årdalsvatnet

Politiet stadfestar at det er gjort funn under søket etter den sakna Charlotte Moene i Årdal.

Det er gjort funn i Årdalsvatnet i samband med søket etter den sakna Charlotte Moene.
Foto: MMS- Arve Uglum / NRK

SJÅ OGSÅ: Funnen på 50 meters djupne

17-åringen frå Årdal har vore sakna sidan juli i fjor etter at ho ikkje møtte opp til ein avtale.

LES OGSÅ: - Godt å få eit punktum

Politiet stadfestar funn

Laurdag ettermiddag stadfestar Kristen Olav Grøttebø overfor NRK Sogn og Fjordane at dei i 13-tida laurdag fann ei kvinne på om lag 50 meters djupne, kring 160 meter frå land.

- Funnet vart gjort i eit område der vi venta å finne at den sakna Charlotte Moene skulle vere. Det er grunn til å tru at det er den sakna, seier han.

Familien er varsla

Grøttebø kan likevel ikkje stadfeste om det er Charlotte Moene, men ingen andre er sakna i området. Familien til den sakna er orientert om funnet.

- Dei er varsla på vanleg vis. Dei tek det sjølvsagt tungt, men tykkjer likevel at det er ei lette. Vi er takksame for at dei aldri har gjeve opp og halde fram søket. Eg vonar at dette er den sakna og at vi får ei løysing på gåta, seier Grøttebø.

50 meters djupne

Firmaet Sperre AS har torsdag, fredag og laurdag søkt med miniubåt i Årdalsvatnet. Det var ein miniubåt og eit undervasskamera som gjorde funnet. Søket var i privatregi.

Kvinna vert i ettermiddag teken opp av vatnet og blir sendt til obduksjon. Politiet har ikkje mistanke om at det har skjedd noko kriminelt.

Møtte ikkje til avtale

Charlotte Moene vart meld sakna då ho i juli i fjor ikkje møtte til ein avtale. Den offentlege leiteaksjonen vart avslutta 25. august.

Sidan har lokalsamfunnet samla inn pengar for å halde fram søket. Totalt vart det samla inn 710.000 kroner.