Hopp til innhold

- Bølgjene slo over stasjonen

Sidan ni-tida fredag morgon har bølgjene slått over bensinstasjonen til Bjarne Haugen på Hermansverk.

Storm på Leikanger
Foto: Petter Øgar

LES OGSÅ: Uveret herjar i heile fylket

- Det rister godt i bygningen, ler den daglege leiaren ved essostasjonen.

SJÅ VIDEO: Lyn til frukost, storm og flo til lunsj

Fire timar

Bensinstasjonen ligg heilt nede ved Sognefjorden, på nedsida av riksveg 55. Ei betongblokk mellom bølgjebrytaren og sjøen får bølgjene til å reise seg over det eine og det andre.

LES OGSÅ: Her går det ein veg...

- Det byrja i ni-tida, så vart det berre verre og verre til om lag klokka 13. Bølgjene har slått høgt. Nesten opp til riksvegen. Men det er ikkje ubehageleg, berre det ikkje blir verre, seier Haugen.

- Aldri opplevd liknande

- Vi har vore ute ved eit par høve for å reinske opp i slukane slik at vatnet renn unna. Eg ser eg i alle fall har fått to bølgjer over meg, ler han og vedgår at han aldri har opplevd liknande.

LES OGSÅ: - Hald deg innandørs

- Men eg veit at det eksisterer eit bilete frå 80-talet då ei bølgje slo innover land. Då såg du ikkje bygget i det heile, seier Haugen.

LES OGSÅ: Vinden snudde ferja
SJÅ VIDEO: Bølgjene slo innover ferja

Står i ly

På trass av høge bølgjer og sterk vind, kundane har kome og gått som dei plar.

LES OGSÅ: Farlege, flygande reklameskilt

- Dei som fyller bensin står i ly, slik at sjøen ikkje slår over dei, seier han.

SJÅ VIDEO: Stengt over Filefjell