Hopp til innhold

Vinden snudde ferja

Vinden snudde ferja heilt rundt, så slo lynet ned. NRK var ombord.

Vind snudde ferja
Foto: Arne Eithun / NRK

- Like før me skulle til kai ved Fodnes kom det ei så kraftig vindkule at den snudde heile ferja slik at ho kom ut av stilling og dunka i ferjekaia, seier NRK-reporter Arne Eithun.

SJÅ VIDEO: Bølgjene slo innover dekk

- Samstundes ser me eit kraftig blått lys. Det er lynet som sler ned ein eller annan plass på ferjekaien. Det gjer at straumen går slik at fejelemmen ikkje kan styrast slik at ferja ikkje kjem til kai, fortel NRK-reporter Arne Eithun som var ombord på ferja.

Kraftig blått lys

Utsikten frå kafeteriaen på ferja.

Dårleg utsikt frå kefeteriaen på ferja.

Foto: Arne Eithun / NRK

- Eg såg det då me gjekk inn mot kaien og ferja snudde seg at det var eit voldsomt blått lys med masse gnistrar og lysglimt oppe i skogen over kaien. Det var antydning til flammar, men dei daua fort ut, fortel bussjåfør Bjørn Vidar Norheim som hadde endå betre utsikt til lynnedslaget.

Vanvittig ver

Etter dette var det ikkje hjelp i prøva å leggja til ved Fodnes, så ferja gjekk heller til smulare farvatn i Lærdal der det var enklare å leggja til kai. Sambandet blir no trafikkert av ei kriserute mellom Mannheller og Lærdal.

- Det er eit vanvittig ver på Sognefjorden akkurat no. Det står kvitt rundt oss, seier ein tydeleg prega Eithun.