Hopp til innhold

Buss heldt på å kvelve i vatn

Dei 54 passasjerane i turistbussen som var i ferd med å kvelve i vatnet i Briksdalen i Stryn i ettermiddag, er redda ut.

Dei spanske turistane måtte vente i over ein time før dei fekk komme ut av bussen. Det var tilløp til panikk blant turistane, men ingen vart fysisk skadde.

Måtte sitte heilt i i ro

Augevitne fortel til NRK Sogn og Fjordane at bussen står på skrå ein halv meter utfor vegen mellom Håheim og Strand.

Frykt for at bussen skulle kvelva ned i vatnet gjorde at passasjerane måtte sitte i ro inne bussen til den var sikra.

- Dramatisk

Buss heldt å kvelve

Det var tilløp til panikk blant turistane, men ingen vart fysisk skadde.

Foto: Jan Ivar Vik og Kato Bøe

Kato Bøe var augevitne og seier det heile var dramatisk. 

- Vi såg at det kunne blitt dramatisk, for bussen stod på vippepunktet.

Bussen vart sikra ved at den vart festa til ein buss, ein brannbil og ein traktor. Passasjerane vart deretter tekne ut ein etter ein. Etter at dei var redda ut, vart dei frakta til Briksdalen Fjellstove.

Lang kø

Bøe fortel at det var mange menneske som samla seg, og at det var omlag ein kilometer lang kø med bilar.

Ambulanse, politi og brannvesen var på staden. Politi fekk melding om uhellet klokka 14:05.

Like før klokka 18 hadde ein klart å få bussen opp frå vegkanten.

- Det er ganske store skader på bussen, så det er uvisst om den er i køyrbar stand. Også deler av vegen der bussen køyrde utfor er øydelagd, og vi har sendt folk opp for å sjå på forholda der, seier operasjonsleiar Odd Arve Solvåg i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Sjå bileta: Buss heldt på å kvelve

Buss held på å kvelve
Foto: Privat
Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.