Bussen vart sikra ved at den vart festa til ein buss, ein brannbil og ein traktor.
Frykt for at bussen skulle kvelva ned i vatnet gjorde at passasjerane måtte sitte i ro inne bussen til den var sikra.
Dei spanske turistane måtte vente i over ein time før dei fekk komme ut av bussen. Det var tilløp til panikk blant turistane, men ingen vart fysisk skadde.
- Deler av vegen der bussen køyrde utfor er øydelagd, og vi har sendt folk opp for å sjå på forholda der, seier operasjonsleiaren ved Sogn og Fjordane politidistrikt.
Like før klokka 18 hadde ein klart å få bussen opp frå vegkanten.
Det er ganske store skader på bussen, så det er uvisst om den er i køyrbar stand, seier operasjonsleiaren.