Tek sjølvkritikk for avlyst teater

Teatersjef Terje Lyngstad
Foto: Steinar Lote/NRKSogn og Fjordane Teater må utsette stykket om Hetlesaka. Teatersjefen tek sjølvkritikk for at dei ikkje har fått tak i skodespelarar tidsnok.
Publisert 20.02.2006 08:58.
- Skriv ut
- Eg er svært lei meg. Mest fordi vi har skapt forventningar hjå folk, og så får ikkje publikum det vi har sagt vi skal gjere, seier teatersjef Terje Lyngstad.
I år er det 100 år sidan eit av dei verste justismorda i Norgeshistoria, der to uskuldige menn vart dømde for drap i Viksdalen.
Teateroppsetjinga av Hetlesaka skulle vere årets storsatsing ved Sogn og Fjordane teater. Men etter å ha leita etter mannlege skodespelarar i lang tid, har teatersjefen no innsett at dei ikkje rekk å sette opp stykket i desember, slik planen var.
Tek sjølvkritikk
Teateret har vore i kontakt med omlag 25 skodespelarar som alle takka nei til å spele ein av dei to mannlege rollene i stykket. Men Lyngstad avviser at det er lite attraktivt å vere skodespelar ved Sogn og Fjordane teater. I staden tek han sjølvkritikk, og vedgår at han har vore for treig i arbeidet med å få tak i dugande skodespelarar.
- Vi har leita og leita, og kanskje gitt dei vi spurde for lange fristar. Og når dei har sagt nei, har vi kome så nær prøveperioden at vi ikkje kan setje i gang. Instruktøren kan ikkje vente på at vi skal få tak i nye folk.
- Vi har vore for seint ute i denne prosessoen, og når vi kjem så nær prøveperioden har vi ikkje noko anna val enn å utsetje framsyninga, vedgår Lyngstad.
Avlyst på ubestemt tid
I dag set Lyngstad seg på flyet til Oslo for å ferdigstille manuset til stykket saman med manusforfattar Edvard Hoem. Lyngstad håpar han får sett opp framsyninga innan tre år.
Kulturnytt i Sogn og Fjordane
- Vart nekta å ta feler med på flyet
- Folkemusikkfestivalen på NRK1
- Suksess for festivalar
- Krev måleri fjerna frå utstilling
- Sterke reaksjonar på Sande-flytting
- Kjøpte barnebøker for 37.000 kr
- Stipend til kunstnarar
- Gråver, men vellukka Kinnaspel
- Lang ventetid på tippemidlar
- Inviterer 1400 i hageselskap
- Comeback for Funkarlaget
Siste: Sogn og Fjordane
- Fekk nytt løyve til å avlive jerv
- Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken
Siste: Sogn og Fjordane
Fekk nytt løyve til å avlive jerv - Ho er 90 og hekta på data
- Viktig bortesiger for Saga
- Valsvik skåra for landslaget
- Håper folk vil gi pengar til søk
- Tapar pengar på skadd kraftverk
- Må betale dyrt for å bryte kviletid
- Tok avskjed med Ottar Starheim
- Grunnstøytte på draumeturen
- Gir nytt liv i Trollebø-fabrikken

















Sol og sommar i fylket