Hopp til innhold

Styret vil at andre skal drive Munthehuset

Stiftinga bak Munthehuset i Luster ynskjer å finne andre enn Rolf Wikborg til å drive kulturminnet.

Munthehuset i ytre Kroken

MUNTHEHUSET: For snart tjue år sidan vart huset fullstendig restaurert og vart valt til kommunen sitt kulturminne.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Wikborg si hotellsatsing Mountain Fjord har hatt store økonomiske problem og aktiviteten der har ikkje vore slike stiftinga hadde håpa.

– Dei er nøydde til å finne eit anna alternativ. Det har styret jobba med ein periode, seier styreleiar Arnt Hovland Munthe i stiftinga Munthehuset.

På randen av konkurs

Få kan skilte med ein historie slik Munthehuset på sørsida av Lustrafjorden kan. På slutten av 1800-talet var det ein stad der landets fremste kunstmålarar vanka og kongelege kom på besøk. For snart tjue år sidan vart huset fullstendig restaurert og vart valgt til kommunen sitt kulturminne.

For fem år sidan kom Rolf Wikborg og Mountain Fjord inn gjennom ei driftsavtale. Men heile systemet har vore på randa av konkurs.

– Utfordringa vår er det økonomiske. Vi har tapt masse pengar og ligg på etterskot. Vi har ikkje fått betalt reknigane våre, seier Wikborg.

Ønskjer å drive vidare

Han seier til NRK at dei ynskjer å drive Munthehuset vidare og seier dei vil halde opent for spesielle grupper i sommar. Dei leitar etter nokon som kan drive Munthehuset, men det kan bli at leiinga på Tørvis skal ha ansvaret begge stadar.

– Det er vanskeleg å drive Munthehuset på avstand frå Tørvis. Det krev store ressursar. Når situasjonen er slik den er for Mountain Fjord, innser vi at det ikkje er realistisk å vente at dei klarer byggje opp Muntehuset til det som var intensjonen, seier styreleiar Arnt Hovland Munthe i stiftinga Munthehuset.

Treng full aktivitet

Tørvis hotell har opsjon på ei ny femårsavtale, men stiftinga bak Munthehuset seier dei er avhengig av full aktivitet kjapt.

– Vi har vore inne i nokre sesongar som har vore negativt oppfatta i samfunnet. Det går ut over omdømme og interessa. Det blir tyngre og tyngre å prøve å reetablere og byggje det opp att, seier Munthe.