Kroken - adelssete og kulturelt senter

Ytre Kroken med Munthehuset til venstre. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ytre Kroken med Munthehuset til venstre. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I Ytre Kroken ligg framleis det kjende Munthe-huset og minner om stordomstida då det budde adelege rikfolk og futar på garden. Ingen stader i fylket har hatt ein meir sentral plass i norsk kunsthistorie enn Kroken.

Adelsgraden Kroken

I Ytre Kroken har det budd høgætta folk frå uminnelege tider. Rike gravfunn datert 400 e.Kr. og seinare viser det.

Den første gongen garden vert omtala i skriftlege kjelder er i 1298, då Alf Basseson - Alf i Kroki - er nemnt som eigar* - sjå nedst på sida. Han vart i 1301, 1302 og 1305 send som kong Håkon V Magnusson sin utsending til Island for å krevje inn skattar der.

Seinare i mellomalderen høyrde Kroken til riddaren Sigurd Haftorsson. Han var befalingsmann på Bergenhus og dotterson til Håkon V Magnusson.

Kroken på 1930-talet. Foto: K.K., Bergen. © Fylkesarkivet.

Kroken på 1930-talet. Foto: K.K., Bergen. © Fylkesarkivet.

Adels-ætta Kruckow i Kroken

Garden kom på 1500-talet i adelsætta Kruckow si eige. Kruckow er ei ætt som kom frå det tyske Pommern.

Johan Christian Dahl: Fra Rivenosa ved Ytre Kroken 1837. © Blomqvist Kunsthandel.

Johan Christian Dahl: Fra Rivenosa ved Ytre Kroken 1837. © Blomqvist Kunsthandel.

Teiste-ætta kjem til Kroken

Av dei sju borna til Johan Kruckow, vart dottera Anna gift med lågadelsmannen Jon Olafson Teiste. Dei busette seg i Ytre Kroken

Munthe-folket tek over i Kroken

I 1764 vart kaptein Gerhard Christoffersen Munthe eigar av garden.

Kunstnarane i Kroken

Kartograf Gerhard Munthe gjorde frå 1830-talet og utover Kroken til eit av dei viktigaste sentra for biletkunstnarar i Noreg.

Husmorskulen i Kroken og på Hafslo

I 1884 var det slutt på Munthe-slekta si tid i Ytre Kroken. Då vart garden seld til Mons Johannesson Kroken, og i 1897 vart det staselege hovudhuset frå 1700-talet leigd ut til Sogn og Fjordane som husmorskule.

Her heldt husmorskulen til fram til 1957 då den flytta til Hafslo. I desse åra med husmorskule vart det flotte herskapshuset mykje ombygd med nye døropningar o.a. endringar innvendes. Etter at husmorskulen flytta vart det store herskapshuset ståande tomt, og forfallet sette inn.

Munthehuset til forfall og restaurering

Sist på 1980-talet tok kulturvernarar i Sogn opp arbeidet med å få sett i stand den historisk viktige bygningen.

Munthehuset. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Munthehuset. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

* Ein del forskarar tek atterhald om at denne Alf Basseson ikkje stammar frå Kroken i Luster, men at han kan høyre til ei ætt frå bygarden Kroken i Trondheim. Frå 1378 veit vi at ein av dei rikaste menn i Noreg på den tida, adelsmannen og riddaren Sigurd Haftorson som budde på setegarden Sørum på Romerike, gav m.a. Kroken, Kinsedal, truleg ein del av Ornes og Kvåle i Sogndal til ein Bergens-mann som heitte Erling Einarsson. Denne var truleg riddar og adelsmann.