Hopp til innhold

Har hatt månader med fint vêr - så kom styggevêret brått tilbake...

Skummande bølgjer og piskande regn er ikkje noko nytt for innbyggjarane i den vesle bygda Kråkenes ved Stad. Men då ruskevêret kom i går var det lenge sidan sist det var på besøk.

Styggevêr på kysten, her utanfor Kråkenes ved Stad

IKKJE UVENTA: Dag etter dag og veke etter veke med stille og fint vintervêr er no byta ut med det stikk motsette. – Ei påminning på kor vi bur, seier Torfinn Kråkenes som bur i bygda Kråkenes ved Stad.

Foto: Torfinn Kråkenes

– Det har vore stille lenge no, dag etter dag, seier Torfinn Kråkenes som skildrar vêret dei har hatt dei siste månadene som «usedvanleg fint».

Men måndag ettermiddag er det derimot alt anna enn stille og fredeleg. I staden har vinden vore oppe i full storm, på sjøen er bølgjene grove og med åtte plussgrader i lufta kan ein nok trygt kalle vêret ein smule surt og kaldt.

– Det er tunge mørke skyer, og ikkje noko gøy å vere ute å sjå på vêret, seier Kråkenes som samtidig meiner dei ikkje kunne vente noko anna enn att dette vêret skulle kome tilbake.

– Regnet kom sikkert «godt med» og vinden er berre ei påminning om kor vi bur. Tilbake til det som kanskje kan reknast som normalen, om ein kan seie det slik, seier Kråkenes.

Full storm både søndag og måndag

Styggevêret som kom inn over kysten av Vestlandet søndag hadde med seg både sterk vind og kraftig nedbør. Områda rundt Stad er kjent for å ligge utsett til når slikt vêr slår inn over land, og i bygda Kråkenes er dei vande med både piskande regn og hylande vind.

Ifølgje Meteorologisk institutt viser målestasjonen på Kråkenes fyr at det søndag ettermiddag bles liten storm, og på kvelden var det oppe i full storm i sørleg retning. Full storm har det også vore måndag ettermiddag.

Men Torfinn Kråkenes og dei andre let seg ikkje skremme av slikt vêr. Dei er blitt vande med det for lengst, men han seier det har vore godt og vere utan det storparten av vinteren.

– Det siste halve året har vi ikkje hatt så mykje av det. Det har vore stille og fint.

– Vi har hatt fantastisk sol, solnedgangar og lyse dagar, dag etter dag. Det har vore utruleg flott, og veldig spesielt, seier han til NRK.no.

Alt laust må festast eller inn i hus

Kråkenes vil ikkje seie at det var noko hjarteleg gjensyn når styggevêret kom søndag, men seier folk som bur på Kråkenes har eit relativt avslappa forhold til slik vêr.

Det sjølv om vinden tek så godt tak at den raskt kan blåse med seg både det eine og det andre.

– Vi ser litt rundt husa våre og ser om det ligg noko laust.

– Men det er jo fort og gløyme også. No har det vore stilt så lenge at det er fort gjort leggje frå seg noko og tru at det ligg der neste dag også, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skummande bølgjer på sjøen utanfor Kråkenes ved Stad i midten av april

GROV SJØ: Skummande bølgjer er ikkje noko nytt på sjøen utanfor Kråkenes ved Stad i midten av april.

Foto: Torfinn Kråkenes

– Ikkje uventa

Sjølv har han nytta til den stille og stabile vinteren til å gjere arbeid på huset. Arbeid som han eigentleg hadde planlagt å gjere i sommar.

– Eg har ordna litt tak og småting, seier Kråkenes som gler seg stort over det fine vêret dei har vore velsigna med så lenge.

Allereie tidleg sist veke byrja snakket om vêrskiftet. Så når vinden og regnet kom i går var folk på kysten førebudde.

– Det kom litt gradvis i går, og det var jo slett ikkje uventa.

– Eg hadde sjølv eit stillas ståande, men det fekk eg tatt i hus, seier Kråkenes.

Meir nedbør i vente

Han og innbyggjarane i resten av Sogn og Fjordane må nok bu seg på meir styggevêr i dagane som kjem. Statsmeteorolog Karsten Eitrem kan nemleg ikkje love noko betring med det første.

– Dette vêret kjem til å halde fram. I kveld og natt til tysdag blir det mindre vind og opphaldsvêr i ein periode, men ut på dagen tysdag tek vinden seg opp att og det kjem inn eit nytt nedbørsområde.

– Nedbøren vil auke på utover dagen i morgon og fram til onsdag midt på dagen. Dermed får vi eit kort opphald i nokre timar.

Men korte periodar med opphald er det beste vi får dei næraste dagane. Eitrem seier det natt til torsdag kjem meir nedbør, og truleg blir torsdagen verre enn onsdagen.

Men det finst eit lite lys i tunnelen for alle dei som helst vil ha finvêr.

– Når vi kjem fram til helga, så ser både laurdag og søndag bra ut, med opphaldsvêr og sol, er dei trøystande orda frå meteorologen.

Vinden herja godt her ved Refvikvatnet i Vågsøy

VINDEN HERJA: Vinden har herja godt langs kysten dei siste timane. Biletet er frå Refvikvatnet i Vågsøy måndag føremiddag.

Foto: Bjarne Eldevik