Hopp til innhold

Flaumvarsel i Sogn og Fjordane

Det er venta store mengder nedbør i Sogn og Fjordane på sundag og måndag. Difor har flaumvarslingstenesta til NVE sendt ut flaumvarslel.

Bil spruter på fotgjenger

FLAUM: Dersom varselet stemmer, kan mange bli våte på veg til jobb på måndag. (Arkivbilete)

Foto: Bjarne Skjerve

– Det vil komme mykje nedbør i heile Sogn og Fjordane, seier Erik Holmqvist.

Han er vakthavande hydrolog ved flaumvarslinga på Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). Det er venta store mengder nedbør i Sogn og Fjordane. Difor har NVE no sendt ut flaumvarsel. Nedbøren ventast som regn under 1000 moh.

– Det som skjer er at vi går frå ei periode med veldig mykje fint og kaldt vêr, til ei periode med mykje meir nedbør og mildvêr, seier Holmqvist.

Skapar bekymring

Han fortel at konsekvensane av det kraftige regnvêret vil bli auka vassføring i mange mindre vassdrag og små elvar. Vi vil også få ein god del snøsmelting.

– Det som skapar ekstra bekymring, er at det er is i ein del av vassdraga og avløpsrøyra langs vegane. Difor er kapasiteten til å ta unna ein del av vatnet dårlegare enn den burde ha vore. Det kan føre til lokale overfløymingar og bekkar som tek litt nye vegar, fortel hydrologen.

Han seier at situasjonen ikkje er veldig dramatisk, men at vi må vere førebudd på mykje nedbør og våte vegar.

Det er venta mest nedbør frå sundag førmiddag og over mot måndag. Mykje nedbør, kombinert med snøen som ligg, gir også auka fare for sørpeskred.

Flaum i Førde

FLAUM I FØRDE: Slik såg det ut då det var flaum i Førde i 2011.

Foto: Arne Stubhaug/NRK