Hopp til innhold

Nytt flaumsonekart: Fare for flaum i delar av Årdal kommune

Store delar av busetnaden oppover Utladalen i Øvre Årdal er utsett for flaum.

Flaumsonekart for Øvre Årdal.

Flaumsonekartet for Øvre Årdal viser at det er fare for 20-, 200- og 1000-årsflaum i delar av kommunen.

Foto: NVE.

Dette går fram av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sitt heilt nye flaumsonekart for Årdal kommune. Kartet viser at Ålmenhagen, Tronteigen, Lykja og Timresletti vil vere ekstra utsett for flaum.

Kartet vart lagt fram av NVE tysdag ettermiddag.

–Det viser seg mellom anna at hovudvegen oppover dalen vil bli overfløymd ved større flaumhendingar, seier Gunnstein Brakestad, regionsjef i NVE.

– Kvifor er denne delen av kommunen så utsett for flaum?

– Reguleringa av elva Utla og at det er bygd ein del på dei flate områda i dalen, gjer det spesielt flaumutsett der, seier Brakestad.

1000-årsflaum

Gunnstein Brakestad

Gunnstein Brakestad, regionsjef NVE.

Foto: NVE

Karta gjev informasjon om overfløyming ved 20-, 200- og 1000-årsflaum, i tillegg til klimaframskriving av 200-årsflaum i år 2100.

Resultata frå klimaframskrivinga vil mellom anna vere nyttig for arealplanlegging, byggesakshandsaming og lokal beredskap.

Erfaringane frå storflaumen på Austlandet i 1995, viser at flaumsonekartlegging blir sett på som det viktigaste verktyet for å redusere flaumskadar i framtida.

Ikkje mykje skredfare

NVE legg også fram eit faresonekart for skred.

– Enkelte område i kommunen er utsette for eit såkalla tusenårsskred. Men i det store og heile blir busetnadsområda i Årdal "friskmelde". I så måte vil faresonekartet for skred vere positiv lesnad for Årdal, seier Brakestad.

Ifølgje Brakestad skal Balestrand, Høyanger og Stryn kartleggjast for flaum og skred i løpet av året.