Hopp til innhold

Luster-ordførar glad for Sp-vedtak

Senterpartiet vil fjerne maksimumsverdiane for eigedomsskatt på kraftverk. Dette kan få mykje å seie for kommunar med store kraftutbyggingar.

Ivar Kvalen

VIL HA STØRRE DEL AV KAKA: Ordførar Ivar Kvalen i Luster.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

For dersom heile regjeringa går inn for det kan det bety over 800 millionar i meirinntekter for kraftkommunane.

Dette har vore ei kampsak for Landssamanslutninga for vasskraftkommunar.

– Veldig viktig prinsipp

Ordførar Ivar Kvalen i Luster seier prinsippet om at pengane skal gå til dei som har belastningane med kraftutbygging er viktig.

– Eg meiner det er eit veldig viktig prinsipp at kraftkommunane får ein større del av kaka av den verdiskapinga som skjer i våre kommunar.