Hopp til innhold

Rekordlåge straumprisar både gler og uroar

Medan folk på gata jublar over lågare straumrekningar, tapar kommunar og fylkeskommunar pengar på dei rekordlåge straumprisane.

Kraftleidningar

REKORDLÅGT: Historisk låge straumprisar er til både glede og uro.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Kraftverka går så det susar og ein våt sommar har ført til smekkfulle magasin.

I kraftstasjonen i Brulandsfossen i Førde, konstaterer Magnar Isene ved Sunnfjord Energi at det renn store vassmengder rett forbi.

– Her går kring 93 kubikk no. Det er 30 kubikk overløp, seier han.

Uroa rådmann

Dei historisk låge straumprisane er godt nytt for lommeboka til folket på gata, men også for kommunane betyr det lågare straumrekningar. For kraftkommunane betyr det i tillegg tapte inntekter.

Arve Varden

Rådmann: Arve Varden.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

I ein av dei største kraftkommunane i Sogn og Fjordane, Høyanger, er rådmann Arve Varden uroa. Kommunen har ulike kontraktar for sal av straum, men så langt er tapet kring ein million kroner.

– Sidan Høyanger har gjort seg avhengige av kraftinntekter, så er vi sjølvsagt urolege dersom inntektene går ned framover. Om vi ikkje får dei inntektene vi har lagt til grunn i budsjetta våre, så får vi utfordringar, seier han.

Må sjå på kutt

– Då må vi sjå på kostnadssida vår. Med den straumprisen som er no, så må vi til å simulere ein del modellar for å sjå korleis dette blir også for 2013 og framover, legg Varden til.

Også fleire fylkeskommunar budsjetterer med verdifulle inntekter på sal av straum.

Har kutta 27 mill.

Assisterande fylkesrådmann i Sogn og Fjordane, Bjørn Birger Bremer, har på eitt halvt år måtte redusere budsjettet for neste år med 27 millionar kroner.

– Dei tala som har no, så tilseier det at vi må redusere inntektsanslaget for 2013 frå cirka 93 millionar til cirka 65 millionar, seier han og legg til:

– Heldigvis er det andre postar som slår ut positivt ut. Det er auka rammetilskot, auka skatteinngang og det er redusert renteutgifter. Likevel vil vi få ei stor utfordring med å saldere budsjetta for 2013 og framover, avsluttar han.