Hopp til innhold

Sogndal-stoppar scora for Norge

17 år gamle Bjørn Inge Utvik sette inn 1-0-målet då det norske U18-landslaget onsdag tapte 3-2 for Russland i Slovakia Cup.

Jonas Olsson med tre nye spelarar:

NY I SOGNDAL-TRØYA: Bjørn Inge Utvik (t.h) saman med Joar Tryti (i midten) og Magnus Stamnestrø. Bak trenar Jonas Olsson.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Stoppartalentet, som før helga signerte for Sogndal, fekk sin debut som innhoppar i 1-1-kampen mot Slovakia tysdag. Onsdag fekk han tillit frå start, og han kvitterte like godt med å gje Norge 1-0 alt etter tre minutts spel.

– Det var ekstremt stort for meg å få det målet. Det var eit frispark som vart slått godt inn i feltet, og eg kom meg fri og fekk heada ballen inn.

– Ein veldig god kamp

Og det var ikkje berre målet Utvik var nøgd med.

– Eg synest eg spelte ein veldig god kamp, det er mykje positivt å ta med seg heim til Sogndal, sjølv om det og var litt rufsete innimellom. Eg håpar Jonas Olsson har fått med seg det eg har prestert her.

For det er ikkje tvil om at Bjørn Inge Utvik gjerne kan tenke seg eit innhopp snart på Sogndal. Men han har ikkje hastverk.

– Det får kome når tida er inne.

Norge leia 2-1 til det stod att to minutt av kampen, men to kjappe russiske mål heilt på tampen gjorde at det vart eit litt surt tap.

– Det var ekstremt surt, for eg synest vi var betre enn Russland.