Hopp til innhold

Lyst på eit sanatorium? Sel Harastølen for berre ei krone

Det gamle sanatoriet Harastølen i Luster kan bli ditt – for berre ei krone.

Harastølen

PRISLAPP 1 KRONER: Det enorme bygget er no lagt ut for sal.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Kenneth Sølvberg

VIL REDDE SANATORIET: Kenneth Sølvberg ønskjer at Harastølen skal bestå.

Foto: Privat

Avisa Firda skriv at det gamle tuberkulosesjukehuset er lagt ut til sals på finn.no. Og prislappen er altså ei krone.

– Dette er eit forsøk på å sjå om nokon er interessert i å ta over. Det er veldig synd dersom det blir rive, seier Kenneth Sølvberg til Firda.

Både Luster kommune og eigaren Tinfos har tidlegare sagt dei ynskjer å rive bygget.

Sølvberg som er frå Stryn, har vore på Harastølen og blei fascinert av plassen. Han har ingen eigarinteresse i bygget, likevel har han lagt ut ei annonse på finn.no.

– Eg har vore i kontakt med eigaren som ikkje er interessert i bygningen. Dei seier at om rette kjøpar melder seg, får han det til ei krone, seier han til NRK.no.

Sjukeheim og asylmottak

Bygget blei reist i 1902 som sjukehus for tuberkulosepasientar. Det var blant dei største i heile Noreg, og kosta til saman 777 000 kroner – ein enorm sum i dei dagar.

På 50-talet fann ein gode medikament og vaksinar for tuberkulose, og stordomstida var over. Etter dette vart det psykiatrisk sjukeheim og asylmottak, før det vart folketomt på starten av 90-talet og forfallet starta.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harastølen

FORFALL: Det trengst ein del pengar til vedlikehald og reparasjon av Harastølen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Har fått mange e-postar

Harastølen ligg idyllisk til høgt over Luster, noko som har skapt mange idear til vidare satsing på eigedomen. Det har vore snakk om både turisme, hotell og kloster for buddhistar, men ingenting har kome i mål grunna store kostnader.

For sjølv om bygget kan kjøpast til berre ei krone, krevst det mykje pengar for å halde bygget vedlikehald. Vindauge, fasade og tak må sikrast slik at ingen kjem til skade.

– Eg har ikkje nok pengar sjølv til å overta bygget. Men eg er veldig interessert i gamle ting og historia. Dei som budde på Harastølen var sjølvforsynt med eige slakteri, bibliotek, kabelbane og kraftverk.

Sølvberg seier det har kome mange e-postar frå folk som er nysgjerrige og interesserte.

– Den som kjøper bygget, må ha ressursar til å hindre vidare forfall. Kjøpar må også tenkje korleis ein kan tene pengar på sikta, anten som museum, rekreasjonssenter eller konferansesenter, seier han.

Ser humoristisk på det

Det er kraftselskapet Tinfos som eig Harastølen i dag. Ifølgje administrerande direktør Tor Søve Syverud skal bygget rivast. Men skulle Sølvberg få napp på annonsen, skal dei vurdere sal.

– Vi har tidlegare hatt Harastølen til sals for ei krone utan å få seld det. Dukkar det opp ein kjøpar no, som har gjennomføringsevne og nok pengar, så kan vi sjå på det på nytt.

Syverud seier dei ser humoristisk på annonsen og definerer den som ein litt tidleg 1. april-spøk.

– Vi er ikkje sure på han som har lagt ut annonsen. Som sagt, skulle det dukke opp rett kjøpar, trur eg både vi og Luster kommune kunne vurdere eit sal, seier han til NRK.no

Dale i Luster med Harastølen

HØGT OPPE: Harastølen ligg i fjellsida i Luster.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK