Hopp til innhold

Overraska over at temperaturen fall to grader på kort tid

Mange vakna opp til ein kald og vakker dag i Sogn og Fjordane. Men enkelte fekk seg ei overrasking då dei kikka på gradestokken.

Kald morgon i Førde

KALD MORGON: Vakkert sjølv om det er veldig kaldt. Her frå ein marsmorgon i Førde.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Arild Løset frå Eid køyrde langs Hornindalsvatnet i dag tidleg, som han ofte gjer. Då han kikka på temperaturmålaren, blei han skikkeleg overraska.

– Det var 23 minusgrader, det er det kaldaste eg har sett der. Og dette er ein stad der det ofte er kaldt, fortel han til NRK.no.

På ei kort strekning varierte temperaturen frå 15 minus til 23 minusgrader. Ein kilometer lenger inn var det igjen 15 blå grader.

– Det er best å halde seg inne i bilen. Her er det 26 varmegrader, ler han.

Då eg sto opp var temperaturen minus 17, men temperaturen synker så no er vi nede i minus 19,3. Kvifor?

Vigdis Tonning

Kvifor sank temperaturen?

Også Vigdis Tonning på Vassenden oppdaga noko heilt spesielt i dag tidleg.

– Då eg gjekk på badet var det 17 minusgrader ute. Då eg kom ut frå badet, var det 18, fortel ho.

Og ikkje nok med det. I det Tonning gjekk ut av huset, såg ho at det hadde blitt enda kaldare.

– No viste gradestokken minus 19,3. Eg trudde det motsette skulle skje. Så no lurer eg på kvifor det blir kaldare og ikkje varmare om morgonen, undrar Tonning.

Minus 19 og svak austatrekk på Sandalsstøylen i Breim. En flott dag i emning med sola på veg ned lia bak hytta. Fyr i omnen og kaffien på kok. Ekte morgonstemning ;)

Odd Arne

Temperaturen følgjer terrenget

Statsmeteorolog Kjersti Opstad Strand ved vêrvarslinga på Vestlandet seier ho og dei andre meteorologane hadde ein liten diskusjon om dette fenomenet.

– Dette er interessant, for du tenkjer jo at temperaturen vil stige i morgontimane. Forklaringa er at kald luft er tyngst og den følgjer topografien og legg seg i dalstrøka.

Dermed blir det utstråling og avkjøling av bakken heilt til sola står opp.

– Det blir påfyll av kulde til sola står opp. I tillegg må ho komme høgt nok på himmelen før ho byrjar å varme opp lufta og bakken, forklarer ho.

18 minus og klart på sørsida av Viksdalsvatnet.

Vakta på brøyte/strøbilen

Slik blir vêret

Det skal halde seg kaldt i heile dag i Sogn og Fjordane. Det blir nordaustleg frisk bris og stort sett fint vêr. Frå i ettermiddag blir det skiftande bris og skiftande skydekke. Det kan komme enkelte snøbyer, først i nord.

Borgund minus 17 grader og blå himmel :-)

Temperaturane målt i dag tidleg:

  • Øvre Årdal: – 8
  • Sognefjellet: -20
  • Sogndal: -6
  • Sogndal Haukåsen: -12
  • Florø: -4
  • Førde: -12
  • Sandane: -8
  • Leirvik: -5
  • Loen: -9
  • Gullfaks C: +1
  • Høyanger: -5