Hopp til innhold

Difor stemmer ikkje temperaturen

– Kvifor melder yr.no 5–6 minusgrader når det i realiteten er opp mot 13 minus?

Sogndal med yr-varsel

STORE SKILNADER: Medan yr.no melder nokre få minusgrader, er det i realiteten mykje kaldare. Slik som her i Sogndal.

Foto: NRK/Skjermdump

Leif Norvald Fimreite i Sogndal brukar yr.no kvar dag og følgjer nøye med på vêret.

– Det er særleg i kuldeperiodane det blir feil. Eg har snakka med fleire, og vi er samde om at det blir meldt mildare vêr enn det eigentleg er, seier han.

Fimreite og kameratane er ikkje dei einaste som lurer på kvifor det blir slik. Vêrvarslinga på Vestlandet får mange telefonar og e-postar frå folk som undrar seg over det same.

Store utfordringar i kulda

Dei siste vekene har det vore svært kaldt mange stader i Sogn og Fjordane. Årsaka er eit høgtrykk som har ligge over Sør-Norge dei to siste vekene.

Anne Solveig Andersen

HAR SVARET: Anne Solveig Andersen ved vêrvarslinga seier det er vanskeleg å melde temperaturen når det er så kaldt.

Foto: Marit Hommedal

Statsmeteorolog Anne Solveig Andersen seier det er utfordringar der det blir såkalla kuldehol.

– Dette er ofte lokale forhold som modellane våre ikkje fangar opp. Det er spesielt når det er klart vêr at det er stor utstråling av varme. Når det ikkje er skyer, er det ingenting som stoppar varmen frå å stige opp, seier ho.

Kulda samlar seg

I den versituasjonen som har vore den siste tida, med generelt låge temperaturar, svingar temperaturane veldig på korte avstandar. Det oppstår ofte såkalla inversjon, det vil seie at kulda samlar seg i søkk og groper i terrenget. Det er gjerne varmare høgare opp i terrenget.

– Modellane våre har vanskeleg for å berekne temperaturane når det er inversjon, altså at det er kaldare på bakken enn høgare oppe. Det kan vere stor skilnad i temperaturen på få hundre meter, fortel ho.

Nede i ein dal, der det der lite vind og klart vêr, blir den kalde lufta endå kaldare.

– Det er store lokale skilnader. Difor kan det vere vanskeleg å melde temperaturen om vinteren.

Slepp snart taket

Og for dei som tykkjer at kuldeperioden har vart vel lenge no, er det håp om litt mildare vêr.

– Det går gradvis mot høgare temperaturar. Enkelte stader vil det nok nærme seg null i neste veke. Men helga blir framleis kald og det kan bli ein del vind. Det kan også komme snø enkelte stader, seier ho.