Hopp til innhold

Fjord1 har lagt inn bod på Widerøe

Grupperinga som transportselskapet Fjord1 er med i har, etter det NRK kjenner til, lagt inn bod på Widerøe.

Widerøe Dash 8

SAS må selje frå seg dotterselskapet Widerøe. Etter det NRK kjenner til har Fjord1 lagt inn bod.

Foto: Thomas Bjørnflaten, Bjørnflaten, Thomas

SAS skal selje Widerøe som ein del av ein redningspakke, og Fjord1 jobbar no intenst for å få kloa i det regionale flyselskapet. Kor høgt bodet er og om SAS godtek bodet, er så langt uvisst.

Strategiske oppkjøpsvurderingar

Etter det NRK kjenner til skal det vere fleire veker sidan grupperinga, der Fjord1 er med, la inn bod på Widerøe. Og seinast i går skal grupperinga vore i dialog der ulike strategiske oppkjøpsvurderingar stod på agendaen.

Om det er Fjord1-grupperinga som til sjuande og sist vil få kloa i Widerøe er uvisst. Transportselskapet Torghatten saman pilotar frå Widerøe skal ifølgje Finansavisen vere med ei gruppe som ønskjer å vere med i bodrunden.

Det same skal investor Per G. Braathen vere. Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent av aksjane i Fjord 1.

Fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) tykkjer det er greitt at Fjord1 gjer slike vurderingar.

– Fjord1 kan jobbe med ulike problemstillingar som går på å finne strategiske samarbeidspartnarar. Det er naturleg at dei er på dei banene der spelet føregår. Eg tykkjer det er greitt dei gjer slike vurderingar, og så får dei halde oss orienterte, seier ho.

Vil ikkje kommentere

Bakgrunnen for Fjord1 vil inn på eigarsida i Widerøe, er at ferjeselskapet ønskjer fleire bein å stå på etter at dei nyleg selde seg ut av bussbransjen. Widerøe har gått med store overskot dei siste åra og er Nordens største regionale flyselskap, med 1400 tilsette og ei årleg omsetning på 3,2 milliardar kroner.

Ingen frå toppleiinga i Fjord1 eller fylkesordføraren i Sogn og Fjordane ønskjer å kommentere saka.