Hopp til innhold

Angedalen vil ha montessoriskule

Bystyret vedtok å legge ned Angedalen skule, no tek bygdefolket initiativ for ein privatskule i dalen.

Roger Indrebø (t.h.) og Rune Hegrenes (t.v.) kjempa for skulen i Angedalen til siste slutt

GIR SEG IKKJE: Bygdefolket i Angedalen kjempar no for ein motessoriskule i dalen etter at den kommunale skulen er vedteken lagt ned.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

- Mange foreldre har uttrykt ønskje om montessoriskule i Angedalen og vi byrja prosessen no, seier FAU-leiar Rune Hegrenes til avisa Firda.

Kjempa og protesterte
Fakkeltog for Angedalen skule

KLAR TALE: Fleire hundre gjekk i fakkeltog for Angedalen skule i vinter.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kampen for at skulen i Angeldalen skulle sleppe unna politikarane i Førde sin sparekniv var sterk.

Mellom anna møtte fleire hundre opp i fakkeltog for å markere misnøyen med forslaget om å legge ned skulen som i dag har litt over 30 elevar.

Bystyret vedtok i slutten av februar å kutte skulen og meiner det vil gje innsparingar som er naudsynte i kommunen.

Reaksjonane frå folk i Angedalen var sterke, og no har dei altså valgt å sjå på andre alternativ for å kunne ha ein skule i bygda.

Freistar med leigeinntekter
Rune Hegrenes

FAU-LEIAR: Rune Hegrened meiner ein privatskule vil vere bra for bygda og for Førde kommune.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

- Det handlar om etterbruk av Angedal skule, eit hus som kommunen eig. Om vi driv det vil kommunen få leigeinntekter, seier Hegrenes til avisa.

Han meiner dermed at ein privatskule vil gagne kommunen og.

Men ein søknad om drift av privatskule skla handsamast av Utdanningdirektoratet og det vil ta eit år. Så om bygdefolket får skule i dalen vil først vere klart i 2014.

Ber om eitt år til

- Vi vil spele inn at vi vil ha kommunal drift av skulen i eit år til, seier Hegrenes.

Men rådmann i Førde, Ole John Østenstad, seier dei vil halde seg til bystyretvedtaket som seier at elevane frå Angedalen skal til Slåtten skule frå hausten av.

- Eg tenkjer at vi må ta til vitande at dei jobbar med dette, seier han til avisa.