Hopp til innhold

Kuttar trass millionar i overskot

Førde kommune gjekk 8,2 millionar kroner i overskot i fjor. Likevel meiner gruppeleiar i Ap, Terje Gjertsen, at det ikkje endrar noko for skulenedlegginga.

Terje Gjertsen og Olve Grotle

STÅR FAST: Gruppeleiar i Førde Ap, Terje Gjertsen (t.v.), seier millionoverskotet frå i fjor ikkje endrar noko på planane om å endre skulestrukturen i kommunen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dei folkevalde har gjort dei første vedtaka for å leggje ned Angedalen skule .

Og sjølv med 8,2 millionar kroner i overskot i fjor, er dette ein prosess Arbeidarpartiet vil fullføre.

– Overskotet skriv seg frå avkastninga på fondsmidlar og renteutgifter som vart mindre enn rekna med. Dette er usikre inntekter som går opp og ned frå år til år. Ser ein bort frå desse kapitalinntektene, har Førde kommune ei drifts om går i stort minus, seier gruppeleiar Terje Gjertsen til Firda.

Må spare

Dei førebelse utrekningane viser at dersom ein ser vekk frå høgare avkastning på plasserte midlar og lågare renter enn budsjettert, så kjem kommunen ut med eit underskot på 7,5 millionar kroner.

Ordførar Olve Grotle (H) i Førde.

ORDFØRAR: Olve Grotle (H).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ordførar Olve Grotle (H) har tidlegare vist til at innsparinga på 2,1 millionar kroner er ein del av sparepakka som kommunen må gjennomføre.

– Vi gjennomfører smertefulle kutt i pleie- og omsorgssektoren, og vi kan ikkje tøye grensene meir i drifta av skulen, seier Gjertsen til avisa.

Fakkeltog

Fakkeltog for Angedalen skule

FAKKELTOG: Fleire hundre stilte i fakkeltoget for skulestrukturen i Førde kommune.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I førre veke gjennomførte fleire grender i kommunen fakkeltog for å bevare skulestrukturen som den er. I etterkant vart nedleggingsvedtaket klubba igjennom i planutvalet.

Endeleg avgjerd blir fatta i bystyremøtet neste torsdag.

– Det må sparast, og dette må gjerast ved å endre strukturen, slår Gjertsen fast overfor Firda.