Hopp til innhold

Kjempa til siste slutt - men politikarane gjekk for nedlegging

Bygdefolket møtte opp i hopetal og kjempa til siste slutt for skulen sin. Likevel bestemte politikarane i Førde seg for å leggje ned Angedalen skule frå 1. august 2013.

Created by InfoDispatcher

SA NEI: Her stemmer bystyret i Førde over Angedalen skule. Foto: Tone Merete Lillesvangstu

Folk hadde møtt opp i hopetal for å vise kampvilje for den vesle skulen i Angedalen i Førde. Dei sa før møtet at dei håpa i det lengste, men at dei hadde ilt i magen og frykta det verste.

Og slik vart det. Etter ein lengre debatt gjekk politikarane inn for å leggje ned skulen mot ni stemmer.

– Eg kjenner meg litt tom. Dette er heilt tragisk. Det verkar ikkje som om det vi har sagt har vorte lagt til grunn i det heile tatt, seier leiar i foreldreutvalet ved Angedalen skule, Rune Hegrenes.

Han var mellom mange frammøtte til bystyret i Førdehuset.

– Dette er ein trist dag å vere pappa på, konkluderer han overfor NRK.no.

Han har, saman med innbyggjarane i Angedalen, kjempa for å behalde skulen i Angedalen. Men no er kampen over.

– Det følest ganske sårt og tungt at det skal vere så lett å leggje ned skulen. Det er faktisk ganske små ungar vi snakkar om her. At dette skal skje frå hausten av tykkjer vi er heilt uhaldbart, seier Hegrenes.

Er skremmande for borna

Han meiner at ein treng lengre tid for å få i stand ein overgang. Han legg ikkje skjul på at borna har tenkt mykje på uvissa.

– Dette er skremmande for dei. Det blir ein heilt ny kvardag som dei må venje seg til, seier Hegrenes.

Per i dag går det 32 elevar ved Angedalen skule, men dette talet vil auke til kring 50 om nokre år.

– Trur du nokon vurderer å flytte frå Angedalen etter dette?

– Det er vanskeleg å seie, men eg trur iallfall dette kan føre til at færre vel å flytte til Angedalen, seier Hegrenes.

I bystyremøtet vart det også vedteke at rådmannen skal komme tilbake til bystyret med ein plan over korleis innfasinga av elevane frå Angedalen skule på Slåtten skule skal skje.

– Vi tykkjer det er eit merkeleg vedtak at vi skal vente på endå eit bystyremøte for å få vite overgangane her. Det nærmar seg skuleslutt, og ein del elevar treng garantert tid for omstilling, seier Hegrenes.

Debatten i bystyret var delt, både Senterpartiet, SV og Framstegspartiet signaliserte at dei var imot å leggje ned Angedalen. KrF sine to representantar valde kvar sitt syn, medan Arbeidarpartiet og Høgre heldt seg til rådmannen framlegg som innebar nedlegging av grendeskulen i Angedalen.

Tykkjer synd på elevane

Dei to niandeklassingane Jøran Indrebø og Sandra Holsen har tråkka sine tidlege skuleår på Angedalen skule. Dei følgde debatten til bystyret, og var tydeleg skuffa då det var klart at gamleskulen vert nedlagd.

- Eg tykkjer ikkje han skulle bli nedlagt. Der får ein meir hjelp av lærarane fordi det er færre elevar. Dessutan trur eg ikkje dei kjem til å spare inn så mykje, sidan dei må byggje ut Slåtten skule, seier Indrebø.

Det støttar Holsen.

- Eg tykkjer dette er veldig dumt. Det er ein trygg plass å gå på skule, og ein har meir fokus på kvar einskild elev, seier Holsen.

Indrebø peikar på at skulen i Angedalen også rommar langt meir enn skule.

- Til dømes held 4H til der, og mange trenar der. Det er ein møteplass for grenda, seier Indrebø.

Han er glad han slapp å pendle til Slåtten då han gjekk på barneskulen.

- Eg ville ha fått ein lang busstur, lengre skuledag og dessutan hadde eg kanskje ikkje fått like godt oppfølging i timane, trur Indrebø.

- Det hadde heilt klart vore meir stress, seier Holsen.

Dei tykkjer synd på elevane som frå hausten av må starte pendling til Slåtten skule.

- Eg trur ikkje dei har det så bra, dei har jo lyst til å gå der inne. Dei mister jo læraren sin, og kjem til ein skule der dei kanskje ikkje kjenner nokon, seier Indrebø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Indrebø og Holsen

DUMT: Både Jøran Indrebø og Sandra Holsen gjekk på Angedalen skule før dei byrja på Førde ungdomsskule. Dei likte vedtaket i dag dårleg.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Håpte fleire ville snu

Norvall Nøringset (SV) gjekk hardt ut frå talarstolen for å få bystyret til å gå inn for å behalde Angedalen skule.

– Ein blir både trist og lei seg når ein har engasjert seg i ei sak som innbyggjarane i kommunen har engasjert seg sterkt i, ikkje minst dei som vert ramma av vedtaket, seier Nøringset.

Han tykte det var tungt å tape avstemminga, men tenkjer mest på dei vedtaket går ut over.

– Dette er verst for dei i Angedalen som mister det tilbodet som dei har satsa framtida si på, seier Nøringset.

Han argumenterte varmt for å la Angedalen skule leve, ikkje minst med tanke på det aukande folketalet der, og moglegheiter for bustadfelt i området.

– Eg er overraska over at ikkje fleire endra syn. Også fordi mange meiner at tala og talmaterialet for innsparingane er så usikre at dei grepa dei første åtte-ni åra kanskje kan føre til tap, framfor innsparing, seier Nøringset.

Han peikar på at grensene for når ein må dele klassen vert meir usikre for Slåtten å halde seg til.

– Og ei klassedeling er pluss/minus ein million kroner i utgifter. Det kan det fort bli, for dette er eit område mange flyttar til, og mange eldre flyttar ut, medan unge flyttar til, seier Nøringset.

Frå talarstolen etterlyste han meir framtidsretta tenking og optimisme frå sine bystyrekollegaer.

– Eg kunne tenkt meg at dei hadde løfta blikket meir og våga meir, seier Nøringset.

(Artikkelen held fram under biletet)

KrF

DELTE SEG: KrFs Bjørn Harald Haugsvær og Liv Skaaheim valde kvar sin veg i avstemminga, Haugsvær gjekk inn for nedlegging, medan Skaaheim ville behalde Angedalen skule.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Må spare 2,1 millionar

Førde kommune må spare pengar og har vore gjennom ein prosess der det først var snakk om å leggje ned fleire skular. Til slutt vart innstillinga frå rådmannen at Angedalen skule måtte leggjast ned.

Dei 32 elevane på skulen skal køyrast dei om lag seks kilometerane til Slåtten skule nærare sentrum. Dei andre barneskulane held fram med krinsgrenser som i dag.

Sidan Slåtten skule alt i dag har sprengd kapasitet, må skulen byggjast ut.

Dei siste ti åra har det blitt lagt ned 24 grunnskular i Sogn og Fjordane, no blir altså Angedalen skule den 25. i rekka. Folk både frå Angedalen og dei andre bygdene i Førde har kjempa til det siste for å få behalde den.

Fleire hundre personar samla seg for litt sidan til eit fakkeltog gjennom Førde sine gater for å vise motstand mot kuttplanane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fakkeltog for Angedalen skule
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Måtte skuffe tilhøyrarane

Om lag 80 tilhøyrarar som kjempa for skulen i Angedalen hadde møtt opp på dagens møte i bystyre, blant dei Rune Hegrenes som har stått i bresjen for skulekampen.

Han er leiar i Foreldreutvalet ved skulen og var tydeleg skuffa då politikarane gjorde endeleg vedtak i saka.

– Det følest som om politikarane ikkje har høyrt noko av det vi har sagt, seier han til NRK.no.

– Kjem nokon til å flytte frå Angedalen som følgje av dette?

– Det er farleg å trekkje slike konklusjonar så tidleg. Det er for tidleg å seie noko om vegen vidare, seier Hegrenes.

Angedalen skule i Førde kommune
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK