Hopp til innhold

Har mista 24 grunnskular på ti år

Dei siste ti åra har 24 grunnskular blitt lagt ned i Sogn og Fjordane. No står den 25. for tur.

Angedalen skule i Førde kommune

KAN BLI DEN NESTE: 24 grunnskular har blitt lagt ned i Sogn og Fjordane dei siste ti åra. Angedalen skule i Førde kan denne veka føye seg inn i rekka.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Nesten 500 elevar har måtte bytte skule dei siste ti åra på grunn av nedlegging av grunnskular her i fylket.

Angedalen skule i Førde kan bli ein ny i rekka, der kjempar foreldre og elevar ein innbiten kamp.

– Det ser litt mørkt ut no, det må eg vedgå. Men ingenting er avgjort før saka er klubba gjennom i bystyret, seier Rune Hegrenes som er leiar for foreldreutvalet ved skulen.

– Ein tragedie

Torodd Fagerheim, LUFS

TRAGEDIE: Torodd Fagerheim og Landslaget for nærmiljøskulen kjempar for å få behalde dei små skulane rundt omkring.

Foto: Tore Sevheim

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 24 grunnskular i fylket har måtte stengje dørene dei siste ti åra. For rundt 490 elevar har det betydd ein ny og annleis skulekvardag.

Det heile er ein tragedie meiner Torodd Fagerheim som er rådgjevar for Landslaget for nærmiljøskolen (LUFS).

– Dette er ei distriktspolitisk katastrofe. Eg tenkjer at det er ei tragedie for kvar enkelt barn som blir råka av dette og for heimane deira som skal legge om på liva sine på mange måtar, seier Fagerheim.

– Det kan hende at dei som ein konsekvens av nedlegginga finn ut at dei vil flytte, legg han til.

Desse skulane er lagt ned dei siste ti åra:

  • Askrova
  • Batalden
  • Fortun
  • Hellevik
  • Holmedal
  • Horstad
  • Ikjefjord
  • Kvalheim
  • Oldedalen
  • Ortnevik
  • Reed
  • Rognaldsvåg
  • Rygg
  • Skjerping
  • Svanøy
  • Undredal
  • Utvik
  • Vassbygdi
  • Vereide
  • Vestre Hyen
  • Værlandet
  • Våge-Oppedal
  • Årebrot
  • Berle

(Artikkelen held fram under biletet)

Reed skule

LAGT NED: Reed skule var ein av fleire skular som vart lagt ned i Gloppen i 2009.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Samlingspunktet og limet

Angedalen skule i Førde kan bli den 25. grunnskulen som blir lagt ned. Kommunen må spare kring 24 millionar, om dei legg ned skulen i Angedalen og bussar dei til Slåtten skule i staden kan dei spare rundt 2,5 millionar kroner.

Innbyggjarane vil ikkje gje seg utan kamp og får også støtte frå bygdene rundt. For to veker sidan samla dei seg til fakkeltog for småskulane.

Rune Hegrenes i foreldreutvalet håpar i det lengste at politikarane skal la skulen få leve.

– Skulen er jo heilt vesentleg for dalen, både som skule og som grendehus. Det er det som er samlingspunktet og limet i dalen, seier han til NRK.no.

Meiner skulane framleis er gode

Anders Ryssdal

FRAMLEIS GODE: Trass nedleggingar meiner ordførar Anders Ryssdal at skulane i kommunen framleis er gode.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Ofte er grunnen til nedlegging låge elevtal. I Sogn og Fjordane har det blitt 1200 færre elevar enn for ti år sidan. Ein anna forklaring er dårleg kommuneøkonomi, slik var det i Gloppen.

– Vi hadde bak oss ganske mange år med underskot i kommuneøkonomien og noko måtte gjerast. Kommunestyret var innstilte på at vi måtte sjå på skulestrukturen, seier ordførar Anders Ryssdal.

Resultatet vart at Rygg, Redd, Vereide og Vestre Hyen skule vart lagde ned i 2009. Men trass nedleggingane meiner Ryssdal at dei framleis har eit godt skuletilbod.

– Vi hadde gode skular vi gjorde sentraliseringa, og eg meiner vi har det i dag, seier Sp-ordføraren.

– Dei aller fleste er nøgde

Thomas Nordahl

NØGDE: Dei aller fleste er nøgde med kvaliteten, seier Thomas Nordahl som er professor i pedagogikk.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

Professor i pedagogikk ved Høgskulen i Hedmark, Thomas Nordahl, trur ikkje det har noko å seie for læringa til barna om dei bli flytta frå nærskulen til sentrale strok.

– Det er som regel eit minst like godt pedagogisk tilbod i ein større skule som det er i ein liten skule.

– Om det ikkje blir veldig lang reiseavstand og det ikkje blir vanskeleg, så er mi erfaring at dei aller fleste foreldre er veldig godt nøgde etter slike prosessar der skular har blitt lagde ned, seier Nordahl.

Meiner små nærskular er best

Den argumentasjonen meiner Torodd Fagerheim i LUFS at er heilt feil.

– Den kvalitativt beste undervisninga for ein elev er den som skjer i nærskulen. Det å sentralisere skulen blir då eit kvalitetssvekkande tiltak, seier han.

Også Rune Hegrenes trur elevar på små nærskular får betre oppfølging enn på større skular.

– Alle vil ha ein skule i nærmiljøet. Det vi meiner er bra med ein liten skule er at vi har eit veldig godt samhald mellom elevane, elevane får veldig god og tett oppfølging og lærarane ser kva behov den enkelte elev har, seier han.

Framtida til Angedalen skule blir avgjort i Førde bystyre torsdag denne veka.