Hopp til innhold

Ewos granskar utslepp av fiskeolje

Fiskeverksemda Ewos i Florø startar no ei interngransking etter at det vart sleppt ut store mengder fiskeolje natt til i går.

Ewos

LEKKASJE AV FISKEOLJE: Rundt 10.000 liter rann ut i sjøen ved Ewos.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Eit titals personar brukte heile onsdagen på å rydde opp sølet, som verken er farleg eller giftig. Ifylgje Firdaposten rann 10.000 liter fiskeolje ut etter at eit røyr sprakk.

Kommunikasjonssjef Peter Hagen seier til NRK at dei vil finne ut kva som gjekk gale.

– Det vi veit er at det var ein lekkasje. Det blir no straks sett i gang ei interngransking for å få påvist nøyaktig kva som har skjedd og korleis det har skjedd.

– Ikkje farleg for naturen

Flora brannvesen rykte ut og la ut lenser rundt utsleppet frå Ewos. Brannsjef Eivind Ask sa til Firdaposten onsdag at dei då hadde pumpa opp mellom 8000 og 9000 liter av oljen. Han seier utsleppet ikkje har vore farleg for naturen.

Til NRK ville Peter Hagen onsdag kveld ikkje seie altfor mykje om årsaka til utsleppet.

– Vi har førebels ein idé rundt det, men vi vil ikkje gå ut med det før vi kjenner alle fakta i saka.

– Korleis er det å oppleve at slikt skjer?

– Det er ikkje hyggeleg. Det er slikt som ikkje skal skje, det skjer svært sjeldan, og då er det godt å konkludere med at vi fekk mobilisert krefter raskt for å samle opp oljen.