Hopp til innhold

Klagar på sterk lukt

Naboar til EWOS i Florø har vore så sterkt plaga av lukt at dei har klaga fiskeforprodusenten inn for fylkesmannen.

EWOS i Florø

Klagar: Lukta vart så sterk at naboane måtte halde seg innandørs.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det toppa seg 19 august i år. Då var lukta frå fiskeforfabrikken så intens at det var umogleg for naboane å opphalde seg utandørs. Hendinga førte til Stein Malkenes sende ein klage til fylkesmannen

– Det var ein intens kvalmande stank som kom den kvelden, fortel Malkenes.

Han trur fabrikken vil vere takksame for å få tilbakemelding slik at dei kan forbetre seg.

Peter Hagen, kommunikasjonssjef i EWOS, seier han har full forståing for at lukta kan opplevast som lite hyggeleg.

– Luktutslepp er ei kjent utfordring i vår bransje og noko vi heile tida forsøker å bli betre på, seier Hagen.

EWOS set no i verk fleire tiltak.

– Det er ein kombinasjon av gjenbruk av varme i lufta og fjerning av støvpartiklar.