Hopp til innhold

Denne fekk Felix (2 mnd) mat frå tre gonger - så fann pappa ein larve

To månader gamle Felix Rikardo hadde fått tre måltid frå pakken med morsmjølkerstatning. På fjerde måltidet fann pappa Luis ein larve i mjølkepulveret.

Familien Takle

VART KVALM: Både Luis Rikardo Takle og Charlotte Asplin kjende kvalmen breie seg då dei såg larven i morsmjølkerstatninga som Felix Rikardo Takle (2 mnd) skulle få til mat.

Foto: Privat

I byrjinga forstod ikkje Luis Rikardo Takle (23) at det var ein larve som låg og krølla seg i pulveret som skulle bli mat til den vesle sonen hans.

– Eg såg ikkje det med ein gong, for det var lite, og eg stressa jo litt. I staden for å kaste det vekk, så såg eg nøyare på det. Men eg trudde mest ikkje det eg såg, seier Takle.

Det var bt.no som først omtalte saka.

Han skulle til å røre ut morsmjølkpulveret Nan 1 i vatn då den ufyselege hendinga skjedde.

Var opna natta før

Pakken var opna natt til onsdag, og har dermed ikkje stått lenge open.

– Han hadde fått tre måltid frå den pakken, så pakken var ganske full, seier Takle, som framleis er opprørt over opplevinga.

Han kan mest ikkje beskrive kor fælt det kjennest for han som far å vite at gutungen har fått mat frå pakken med larve i.

– Eg tykkjer det er ganske ekkelt at han har fått det. Kva om han har fått det i seg? Kva då, seier Takle.

(Artikkelen held fram under videoen)

To månader gamle Felix Rikardo hadde fått tre måltid frå pakken med morsmjølkerstatning. På fjerde måltidet fann pappa Luis ein larve i mjølkepulveret.

SJÅ VIDEO: Larven kravlar rundt pulveret.

Har hatt vondt i magen

Familien på tre har vore i kontakt med lege, og fått beskjed om å følgje med på situasjonen framover.

– Vi har fått beskjed om å sjå om han blir verre. Han har hatt litt vondt i magen og gulpa ein del, noko han ikkje pleier å gjere. Dessutan har han skreke mykje, så det var noko som ikkje var som det skulle, seier Takle.

Både han og sambuaren trur magesmertene til gutungen har hatt med maten å gjere.

Dei valde å tømme ut resten av pakken for å sjå om det var fleire larvar der, men det var det ikkje.

– Men om det er egg der, veit vi jo ikkje, for alt er kvitt, seier Takle.

Er sjokkert over at det går an

Pakken var kjøpt på Rema 1000 ved Førde Torg. Takle er glad at han fann det ut såpass raskt.

– Eg er glad eg såg det, for larven hadde hamna i mjølka viss ikkje. Eg er også glad for at eg har fått varsla Nestle og Mattilsynet, slik at dei kan ta det på alvor. Det er trass alt nyfødde born vi snakkar om, og slikt skal ikkje skje, seier Takle.

Han kan mest ikkje tru kva han har opplevd i dag.

– Eg er sjokkert. Dette er einaste maten han kan drikke, og så finn vi noko slikt, seier Takle.

Han ser ikkje vekk ifrå at dei kjem til å skifte merke når dei kjøper morsmjølkerstatning neste gong.

– Vi vil først høyre med Mattilsynet kva makk dette er, så får vi sjå, seier Takle.

(Artikkelen held fram under biletet)

I skeia

SLEPPTE SKEIA: - Då eg såg noko som rørte seg, så sleppte eg heile skeia, fortel Luis Rikardo Takle.

Foto: Privat

Burde vore daud

Frå Mattilsynet har familien fått beskjed om at larven burde ha vore daud sidan pulveret er gjennom ein tørkeprosess med varmebehandling. Difor er det grunn til å tru at larven har komme seg inn i posen etter varmebehandlinga.

At det har skjedd hjå familien kan ikkje Takle forstå.

– Pakken er jo forsegla ganske godt. Og når vi har opna han, så brettar vi han i hop, set på klype og har pakken i plast, så dette hadde eg ikkje trudd skulle gå an, seier Takle.

Pressekontakt i Nestlé Norge, Marianne Hardeng Aaberg, seier til bt.no at dei tykkjer episoden er beklageleg.

– Vi forstår at det er ubehagelig for familien, seker Aaberg.

Vil undersøkje pakken

Ho seier til avisa at pulveret vart produsert i oktober i fjor, og at morsmjølkerstatninga er det produktet som har aller strengast kontroll hjå Nestlé.

Mellom anna vert det sikta gjennom ei rist slik at alt over to millimeter vert hengjande fast.

– Vi har svært streng kontroll for å hindre skadedyr. Difor trur vi ikkje larven kan ha komme inn i pakken under produksjonen. I og med at han er levande, trur vi han har komme inn i pakken etter at han forlet fabrikken, seier Aaberg.

Selskapet kjem til å undersøkje posen for å finne ut korleis dette har skjedd.

– Familien vil få eit gåvekort frå oss, og dei vil bli haldne orientert om kva vi finn ut, og om kva slags larve dette er, seier Aaberg til bt.no.

Pulveret

KRAVLA: Den brune larven rørte seg tydeleg i pulveret.

Foto: Privat